Vedtekter for Oikos - Økologisk Norge

Her er Oikos- Økologisk Norge sine vedtekter vedtatt av landsmøtet i mars 2010.

Vedtekter for

Oikos - Økologisk Norge

 

 

§ 1      Namnet til organisasjonen

Namnet til organisasjonen er Oikos - Økologisk Norge.  Oikos har sete og verneting i Oslo.

 

§ 2              Underorganisasjonar til Oikos

Oikos har to underorganisasjonar eller avdelingar; Ren Mat og Oikos Økoinfo.

 

§ 3     Føremål

Oikos - Økologisk Norge er ein landsdekkjande, ideell medlemsorganisasjon som skal arbeide for å fremje måla og idégrunnlaget i økologisk landbruk. Organisasjonen skal vere ein leiande organisasjon for økologisk samfunnsutvikling. Organisasjonen skal styrkje det økologiske miljøet i Noreg.  

 

Dette skal gjerast ved å:

 

Oikos skal vere ein partipolitisk nøytral organisasjon. Oikos skal ikkje ha økonomisk overskot som føremål. Eit eventuelt overskot førast tilbake til saker som ligg innanfor organisasjonen sitt føremål.

 

§ 4      Medlemskap

Alle som sluttar seg til føremålsparagrafen, kan vere medlemer av organisasjonen. For å bli medlem må ein betale ein årleg kontingent fastsett av landsmøtet. Medlemskapen er direkte og personleg. Personar som deler husstand med ein medlem av Oikos, kan få medlemskapen til redusert kontingent, men vil då ikkje motta medlemsavis og informasjon. Pensjonistar, studentar og trygda betalar redusert kontingent. Bedrifter kan teikne institusjonsmedlemskap. Institusjonsmedlemskap gir ikkje stemmerett på landsmøtet.

Organisasjonen kan tilby tenester til medlemsgrupper mot godtgjersle. Denne vert fastsett av styret.

 

Oikos kan utnemne æresmedlemer. Dette skal gjerast av landsmøtet etter forslag frå styret.

 

 

§ 5     Organisasjonen

Hovudorganisasjonen består av Medlemer (§4), Landsmøtet (§6), Valnemd  (§8), Landsstyret (§9), Leiing (§10), Utval og faggrupper (§11), Regionlag og fylkeslag (§12), Lokallag (§13), Produsentlag og forbrukarlag (§14) og Ren Mat (§15).

 

§ 6     Landsmøte

Landsmøtet er det høgste organet i organisasjonen, og vert halde innan utgangen av juni. Landsmøtet vert innkalla av landsstyret. Landsstyret har ansvaret for å gjere landsmøtet kjent i brev til region- og lokallag minst seks veker før landsmøtet. Alle saker som skal opp på landsmøtet, skal vere landsstyret i hende fire veker før landsmøtet. Innkalling med sakliste og sakspapir skal sendast utsendingar, styret og andre påmelde seinast to veker før landsmøtet.

 

Kvart lokallag har rett til ein utsending pr. påbyrja 20 medlemer. Eit lokallag kan likevel ikkje ha meir enn to utsendingar. Kvart regionlag har rett til tre utsendingar. Kvart fylkeslag har rett på 2 utsendingar. Utsendingar får dekt reise etter rimelegaste reisemåte.

 

Landsmøtet vel eit styre på 7 medlemer og 3 varemedlemer i prioritert rekkjefølgje.   

 

Landsmøtet skal:

10. Velje:

Styreleiar                         kvart år

Nestleiar                          kvart år

fem styremedlemer;              for to år om gongen (der to eller tre medlemer skal bytast ut kvart år etter tur).

tre varamedlemer;                 for eitt år om gongen i prioritert rekkjefølgje

ordstyrar med vararepresentant for kommande landsmøte

revisor;                                   for eitt år om gongen

valnemnd

redaksjonsråd

 

Landsmøtet er ope for alle medlemer, men det er berre dei valde utsendingane som har røysterett. Landsstyret sine medlemer har røysterett i alle saker med unntak av årsmelding og rekneskap.

 

Avrøystingar på landsmøtet skal vere skriftlege dersom nokon krev det. Personval er alltid skriftleg der det vert stilt motkandidat.

Landsmøtet treffer sine avgjersle ved simpelt fleirtal. Ved likt røystetall skal det haldas ny avrøysting. Dersom røysteresultatet er likt ved andre gongs avrøysting, vert saka avgjord ved  loddtrekking.

Dersom  ingen av kandidatane ved val får meir enn halvparten av dei avgitte røyster, skal det haldast omval. Oppnår ingen av kandidatane meir enn halvparten av røystane ved andre valomgang, skal det haldast omval mellom dei to kandidatane som har fått flest stemmer i andre valomgang. Blir røystetalet likt i tredje valomgang, avgjerast valet ved loddtrekking.

 

§ 7 Ekstraordinært landsmøte

Landsstyret skal kalle inn til ekstraordinært landsmøte når minst tre regionlag, eller tre fylkeslag eller landsstyret krev det. Dei som krev ekstraordinært landsmøte har rett til å få handsama dei sakene som er nemnde i kravet om landsmøte. Det skal kallast inn med minst tre vekers varsel. Det ekstraordinære landsmøtet kan berre handsame sakene i innkallinga. Sakspapir skal sendast ut to veker før ekstraordinært landsmøte.

 

§ 8  Valnemnd

Landsmøtet vel ei valnemnd på tre personar og ein varamedlem. Valperioden er tre år, og ein av medlemene vert skifta ut kvart år. Den som har sete lengst er leiar. Valnemnda skal kome med framlegg til landsmøtet på kandida­tar til alle personval på landsmøtet, og godtgjersle for tillitsvalde. Det skal takast omsyn til geografi, kjønnsfordeling og fagleg samansetjing. Valnemnda skal vurdere eventuelle framlegg frå Biologisk-dynamisk Foreining på val av styremedlem i si innstilling til landsmøtet. Valnemnda har ansvar for at alle føreslegne kandidatar er spurde.

 

Valnemnda har ansvar for å hente inn framlegg på kandidatar frå region- og lokallag innan tidsfristen for landsmøtet. Seier ein frå seg verv, skal dette skje skriftleg til valnemnda. Framlegget frå valnemnda skal sendast ut med sakspapira til landsmøtet.

 

§ 9 Landsstyre

Landsstyret er det høgste organet i organisasjonen mellom landsmøta.

 

Landsstyret skal:

      -  leie hovudorganisasjonen sitt arbeide i samsvar med lover og vedtak

-    gjennomføre handlingsplan som landsmøtet vedtek

 

Landsstyret har 7 medlemer. Landsstyret held møte når styreleiar eller 3 av styremedlemene ønskjer det. Gyldig vedtak i styret krev at minst 4 stemmer for vedtaket.

 

§ 10 Leiing

Styreleiar er den øvste leiaren i organisasjonen mellom styremøta. Styreleiar har som øvste tillitsvalde for organisasjonen ansvar for at alle nødvendige oppgåver i organisasjonen vert varetekne. Dagleg leiar er den øvste administrative leiaren av organisasjonen. Styreleiar eller dagleg leiar kan forplikte organisasjonen ved underskrifta si.

 

§ 11 Utval og faggrupper

Utval i organisasjonen som førebur og/eller fremjar organisasjonen sine interesser, skal setjast saman slik at representantane speglar føremålet til utvalet. Styret syter for at mandat og funksjonstid er klart definert.

 

Utvala skal vere forankra i styret ved at minst ein medlem er styremedlem. Utvalet er rådgjevande i forhold til styret og kan fremje forslag til vedtak i styret.

 

§ 12 Regionlag og fylkeslag

Oikos skal ha regionlag eller fylkeslag i alle delar av landet og det er laga i ein region som gjer vedtak om dei opprettar fylkes- eller regionlag. Alle medlemer av organisasjonen med postadresse i ein region er medlemer i regionlaget og tilsvarande i eit fylkeslag. Regionlag og fylkeslag skal vere bindeledd mellom lokallag og hovudorganisasjonen.

 

Regionlag og fylkeslag skal fylgje normalvedtekter for regionlag og fylkeslag med eventuelle tilpassingar  som ikkje er i strid med hovudorganisasjonen sine vedtekter og mål. Regionlaget og fylkeslaget får utbetalt refusjon av medlemskontingent fastsett av landsmøtet.

 

Region- og fylkeslag skal arbeide for å:

 

 

§ 13 Lokallag

Ei samling av medlemer i eit område kan utgjere eit lokallag.

Det krevst minst 5 medlemer av hovudorganisasjonen for å skipe eit nytt lokallag. Alle medlemer av organisasjonen med postadresse i lokallaget sitt område er lokallagsmedlemer. Lokallaget skal fylgje normalvedtekter for lokallag med eventuelle lokale tilpassingar som ikkje er i strid med hovudorganisasjonen sine vedtekter og mål.  Delar av organisasjonen sine medlemskontingentar går til eit aktivitetsfond for lokallaga. Lokallag/grupper kan søke om dekking av kostnader til aktivitetar frå dette fondet. Lokallag får også refundert delar av medlemskontingentane automatisk, etter oppfylling av minstekrav. Lokallaget kan ha eigen lokallagskontingent i tillegg til den ordinære medlemskontingenten.

Medlemene av lokallaget er automatisk medlem av Oikos.

 

Følgjande minstekrav gjeld for vedtektene i lokallag:

-   årsmøtet i lokallag skal vere gjennomført i god tid før landsmøtet i hovudorganisasjonen

-   lokallaget skal velje representantar til landsmøtet i Oikos.

-   lokallaget skal sende inn til hovudkontoret godkjend årsmelding, der det går fram kven som er valde til leiar og styremedlemer, og kven som skal representere lokallaget på landsmøtet

-   berre medlemer som har betalt kontingent, har røysterett.

 

 

§ 14   Produsentlag og forbrukarlag

Produsentmedlemer og forbrukarmedlemer i Oikos kan gå saman og danne Oikos produsent- eller Oikos forbrukarlag. Desse arbeider innanfor Oikos sine vedtekter med vekt på det som er naturleg produsentretta eller forbrukarretta saker og spørsmål.

 

Dersom det er eit lokallag i kommunen/kommunane som produsent- eller forbrukarlaget dekker vert dei eit underlag til dette lokallaget.  Produsent- og forbrukarlag mottek frå Oikos refusjon pr. medlem som lokallag om det ikkje er lokallag i kommunen/kommunane der medlemene bur. Der det også finnast lokallag får dei 50% av refusjon lokallaget normalt skal ha for tilsvarande talet på medlemer.

 

Dersom det ikkje er lokallag i kommunen/kommunane har produsentlaget og forbrukarlaget rett på utsendingar til Landsmøte som eit lokallag, dersom det er lokallag i kommunen/kommunane har dei rett på 1 utsending per produsent- og forbrukarlag.

 

Produsent- og forbrukarlag må følgje minstekrava til vedtektene for eit lokallag i § 13.

 

§ 15 Ren Mat 

Oikos er utgjevar av magasinet, "Ren Mat". Dette skal arbeide i samsvar med føremålsparagrafen til organisasjonen. Skal magasinet ta slutt må det avgjerast av landsmøtet.

 

"Ren Mat" har ei fri og uavhengig redaksjonell linje og skal arbeide etter redaktørplakaten, der mellom anna "vær varsam"- plakaten inngår. Ren Mat skal vere medlem av Fagpressa.

 

Landsmøtet vel eit redaksjonsråd for Ren Mat. Redaksjonsrådet er rådgjevande organ for landsstyret og redaktøren, og skal sikre samarbeid mellom redaksjonen og landsstyret. Rådet skal ha fire medlemer der minst to er medlem i Oikos, og ein av medlemene skal vere medlem i Landsstyret. Valperioden er eitt år. Rådet skal i samarbeid med redaktøren utarbeide langsiktige mål og strategiar for magasinet til landsstyret. Redaktøren skal førebu saker og møte som sekretær i rådet.

 

§ 16 Oikos Økoinfo

Oikos Økoinfo er ei avdeling i Oikos med føremål å drive informasjonsarbeid med demoar, stands, foredrag, rådgiving mot aktuelle målgrupper innan privat og offentleg sektor

 

Oikos Økoinfo framskaffar ein vesentleg del av sine inntekter på å fakturere for oppdrag, tenester eller etablere samarbeidsavtalar som gjev inntekter til avtalt aktivitet.

 

§ 17 Utmelding

Utmelding må skje skriftleg. Eit medlem som etter påkrav ikkje har betalt kontingenten i eit år kan strykast som medlem.

 

 

§ 18   Vedtektsendringar

Vedtektsendringar må ha 2/3 fleirtal på landsmøtet for å bli vedtekne. Lokallag, regionlag, fylkeslag eller landsstyret kan kome med framlegg om endring av vedtekter. Framlegg om slike endringar skal sendast landsstyret seinast fire veker før landsmøtet.

 

 

§ 19   Oppløysing

Organisasjonen kan oppløysast med vedtak på to påfølgjande landsmøte. På ordinært landsmøte krevst det 3/4 fleirtal, medan det på eit ekstraordinært landsmøte krevst simpelt fleirtal. Landsmøtet avgjer med simpelt fleirtal disponering av organisasjonens aktiva ved oppløysing. Eit eventuelt overskot førast tilbake til saker som ligg innafor organisasjonen sitt føremål.

 

 

Vedtektene er sist endra: 20.3.2010