Økologisk gårdsmarked

Oikos - Økologisk Norge har i heile år arbeida aktivt for at økologiske gardar skal opne portane og vise fram det dei driv med. Me vil at fleire skal få ta del i og oppleve det reine og gode landbruket på nært hald. Økologisk gårdsmarked er eit arrangement kor økologiske garder som er i drift opnast opp for publikum ein dag på slutten av sumaren, for at “vanlege” folk skal kunne få eit lite innblikk i korleis økologisk mat vert produsert.

Økologisk gårdsmarked på 12 gardar

Målet var at fem gardar, spreidd over heile landet, ville vera med. No står 12 gardar på lista. Me håpar dette er byrjinga på ein lang og hyggelig tradisjon på seinsumaren, kor stadig fleire gardar vil kome til. I nokre frodige helger i august og september vil bøndene dele sin overflod med oss. Ta med familien, små og store, venner og kjente og få smaken på økologisk mat. Kjøp med dei ferske, herlige og ærlige varene heim, la barna kose seg blant dyra og nyt ein dag i flotte omgjevnader.

 

Finn eit Økologisk gårdsmarked nær deg, skriv opp datoen og nytt anledninga til å få fersk mat - rett frå jordet og ein flott opplevelse!


Eit ekte gardsmiljø

Me trur at når folk får eit positivt møte med økologisk mat og landbruk i eit ekte økologisk gardsmiljø, og kan ta i bruk alle sine sansar – syn, smak, lukt, hørsel og kjensle – vil interessa og engasjementet for det økologiske auka.

 

Bli vertsgard eller ver frivilig!


Gøy på økolandet!

Økologisk gardsmarked er ein hyggelig og gøy dag på “økolandet”, kor både born og vaksne kan leike og lære, smake på økologisk mat i fredelige omgjevnader, og kunne kjøpe med seg lokalproduserte økologiske produkt.

 

Last ned "kokebok" for arrangørar!

 

Eit håp om auka medviten

Me håpar at Økologisk gårdsmarked etterkvart vil kunne nå ut til fleire og fleire. Dette kan vere med å auke medviten rundt kor viktig det er å drive med landbruk på ein dyrevenleg, menneskevenleg og miljøvenleg måte, og ikkje minst auke kunnskapen om vegen til maten me et, heilt frå jord til bord!