Om å handle rett

"Eg er ein del av den fyrste generasjonen som har vakse opp utan å trenge å kome i nærkontakt med råvarene vi et. Det gjer meg ekstra sårbar for lure triks ”, skriv Siri Helle.
Handle rett
Siri Helle
Handle rett

samlaget.no

“Før hadde vi høner i bakgarden, potetferie i åkeren og eit sysken­barn på Gjøvik som dreiv med mjølkeproduksjon. Slik er det ikkje lenger. Eg er ein del av den fyrste generasjonen som har vakse opp utan å trenge å kome i nærkontakt med råvarene vi et. Det gjer meg ekstra sårbar for lure triks ”, skriv Siri Helle. Ho har skrive ei bok om temaet.

Siri Helle er utdanna agronom i øko­logisk landbruk frå Sogn jord– og hagebruksskule. Dette gjev ho ei innsikt i, og forståing for mat­produksjonen og landbruket som kjem tydeleg fram i denne boka. Gjennom fire delar: å dyrke mat, foredle mat, kjøpe mat og for­døye mat, vert vi presentert for kjente råvarer og matvarer, og utfordringar knyt til produksjon og foredling. Sjølv om boka kan verke tunglest i starten, berre tekst og ingen bilete, finn vi fort ut at her er det mykje interes­sant. Helle set lys på høgaktuelle tema. Ho brukar eigen kunnskap og eigne synspunkt når ho disk­uterer om lam er betre enn svin, om kumjølk faktisk inneheld meir soya enn soyamjølk, eller om syltetøy kan kallast heimelaga når det lagast på ein fabrikk.

Boka er ei handbok i korleis handle riktig mat. Ho hjelp oss med å verte meir medvitne forbrukarar. Kunnskap om korleis handle riktig mat har aldri vore viktigare!

Kommentarer:

Samarbeidspartnere

Annonsører