22.-24. mai: Ville vekstar og tang, kurs på Værlandet/Bulandet

Lær å bruke tang og ville vekstar til dine rettar og sanke dei på ein berekraftig måte. Du vert kjent med vel 20 artar du kan hauste i strandsona, i kulturlandskapet og i havet.



Praktisk kurs i bruk av ville vekster frå hav og land

Startdato: 22.05.2017 19:00
Påmeldingsfrist: 16.05.2017 19:00


Lær å bruke tang og ville vekstar i dine rettar og sanke dei på ein berekraftig måte. Kvar vekst har sin smak, eigenskap og gastronomiske oppleving.
Kurset har fokus på moglegheiter for foredling og til bruk i på kjøkkenet for deg som driv serveringsstad, har tankar om å sanke profesjonelt eller vil få inspirasjon til nye bruksområder. Vi har fått på plass eit knippe kunnskapsrike fagfolk frå heile Norden – der vi skal ta eit djupdykk i botanikk, teknikkar for bruk som ingrediens, smak eller hovedråvare.

Urter og vekster i naturen er lett å få økologisk, så vi har fokus på det. Høgt og Vilt urter frå Devik, kjem og fortel litt om det å planlegge foredling. Vi får to botanikkekspertar til å gå gjennom nokre vekstar  frå hav og land grundig med oss. Det vert fokus på bruk og smak, sanking og lagring for bruk i denne omgang. Om ein ynskjer å gå vidare med foredling, så fyller vi på i besøksordning  for dei som vil det etter kurset.

Kursprogrammet finn du her

Dette vert ein fagleg høgdare no så vår von er at flest mogeleg frå heile landet kan komme seg til Værlandet, som er ei oppleving i seg sjølv.

Kompetansanavet Vest ynskjer velkomen til kurs på Værlandet/Bulandet

Finn meir info, påmelding og tips til artiklar å lese HER

Annonsører

Samarbeidspartnere