27. september: Fagdag om økologisk landbruk, Øksnevad VGS

Oikos Rogaland/ØKOUKA 2016 i samarbeid med Landbrukets ØKOLØFT inviterer til fagdag om rådgiving, sertifisering og markedet innen økologisk landbruk. Vi får også vite mer om hverdagen som økologisk produsent.

Bakgrunn for prosjektet Landbrukets ØKOLØFT er at trass i aukande etterspurnad, har tal bønder som driv  økologisk hatt ein negativ utvikling, stort sett over heile landet, dei siste åra.

No tyder noko på at trenden kanskje kan snu: I januar 2016 blei det trongt om plassen på eit seminar om økologisk grønsaksdyrking. Tal deltakarar var over alle forventningar. -Vi ser at forbrukarane vil ha økologisk, norsk mat og at interessa frå produsentane har begynt å spire – men så stopper det opp», fortel økokontakt hos Fylkesmannen, Annabell Pfluger.

Grønsaksseminaret vil bli følgt opp med ein fagdag om økologisk matproduksjon 27. september. Her vil gardbrukarane kunne få svar frå salsleddet, rådgivinga, Debio og økologiske bønder på nokre av sine spørsmål: Kva inneber det å leggje om garden eller deler av produksjonen? Kva er moglegheitene på min gard? Korleis får eg selt produkta dersom garden blir lagt om til økologisk?

Spesielt invitert er alle som driver gard. Fagdagen er eitt av mange arrangement under ØKOUKA i Rogaland, og er lagt til Øksnevad vidaregåande skule. Øksnevad er ein av fylkets to vidaregåande skuler med landbrukslinje, og her blir det dyrka økologisk kålrot, cherrytomat og gras.

ØKOUKA i Rogaland er eit initiativ av Oikos Rogaland med arrangement kring bærekraft og økologi frå 24. september til 2.oktober 2016. Du kan følge ØKUUKA i Rogaland på Facebook her.

Du finner mer info om fagdagen her

Annonsører

Samarbeidspartnere