Andelslandbruk

Avhengigheita mellom bonden og forbrukaren er gjensidig. Likevel aukar avstanden mellom oss, og med det kunnskapen om at det koster både tid og pengar å produsere kvalitetsmat. Oikos - Økologisk Norge meiner andelslandbruk har ein viktig rolle for økonomisk, økologisk og sosial verdiskaping.

Vil du ha egg frå høna på biletet?? Bli andelshavar på Ommang Søndre!

Kva er andelslandbruk?

Andelslandbruk er ein form for direkte omsetjing der omsetjing og dialog føregår direkte mellom garder og forbrukarar. Det unike er at forbrukarar kjøper andelar av gardens produksjon, til dømes for eitt år av gongen, og deler risikoen for årsvariasjonar i avlingane.

Andelshavarar kan delta i planlegging av produksjonen på garden. Det finst fleire måtar å organisere dette på, avhengig av ønskjer frå bonden og sjølvsagt kva forhold som ligg til rette på garden.

Er du som forbrukar interessert i:

Kor kjem maten i frå?

Korleis du kan få tak i meir, betre og ferskare økologisk mat?

Korleis maten produserast?

Kva ansvar du har sjølv?

Er du som bonde interessert i:

Openheit om økonomi og andelspris

Openheit om drift og produksjon

Produksjon etter behov

Eit større gardsfellesskap

Ingen sløsing med matvarer

Andelslandbruk skaper sosiale relasjonar, nærleik til matproduksjon, ein tryggleik for bonden og er på den måten kanskje landbrukets redning?

I 2014 var det 16 etablerte andelsgarder i Noreg, men ventelistene er lange og kan hende tida er moden for etablering for fleire. Er du interessert?  Les meir på andelslandbruk.no og ta kontakt med Alexandra Devik, alexandra@oikos.no.

Annonsører

Samarbeidspartnere