Utvikling av andelslandbruk

Vi har det siste året sett ei enorm auke i utviklinga og merksemda kring andelslandbruk. Det er i 2013 ni andelsgardar i Noreg, og stadig fleire kjem til. Oikos er no, saman med Telemarksforsking, i gang med eit prosjekt for å fremje utviklinga av denne viktige omsetjings- og kommunikasjonskanalen for økologisk mat.

Andelslandbruk er ei form for direkte omsetjing av landbruksvarer med direkte dialog mellom gard og forbrukar. Forbrukaren kjøper ein andel i gardens produksjon og får tilgong på rein mat og nærleik til landbruket, og bonden får ein garanti for avlinga. Openheit om økonomi, risikodeling for årsvariasjonar i avlingar, kunnskapsauke og sosialt samvær for andelshavarar og bønder står i fokus.

Andelslandbruk kan gi grobotn for holdningsendring, kunnskapsauke og økt økologisk forbruk og er i så måte eit viktig bidrag i arbeidet for å nå Regjeringa sitt mål om 15 % økologisk produksjon og forbruk innan 2020.

Prosjekt for andelslandbruk

Med dette utgangspunktet har Telemarksforsking, saman med Oikos, søkt om midler frå Statens landbruksforvalting, nett for å arbeide med utviklinga av denne landbruksmodellen. Prosjektet vart innvilga og til hausten går Telemarksforsking i gang med hente inn og samanstille kunnskap om dei ulike andelslandbruka i Noreg, med fokus på andelslandbruk som økonomisk, sosial og miljømessig verdiskapar.

Ved ny innvilging for 2014 og 2015 vil Oikos jobbe vidare med formidling av informasjonen gjennom ein konferanse, utvikling av ei handbok for oppretting av andelslandbruk, og rettleiing og oppfølging av etablerte så vel som nye andelsgardar.

- Oikos har arbeida med informasjon, nettverksarbeid og rettleiing på dette området særskilt det siste året, og vi har sett behovet for ei auka satsing innan dette området, både for dei etablerte gardane og nye initiativ, seier Marte von Krogh, som er kontakt for andelslandbruk i Oikos - Økologisk Norge. - Andelslandbruk er i rask utvikling i Noreg og det er difor ekstra viktig at vi smir mens jernet er varmt, avslutter von Krogh. Ho ser fram til å arbeide saman med Telemarksforsking og andre viktige ressursar framover.

Viktige samarbeid

Prosjektet samarbeider tett med fleire av andelsgardane: Øverland andelsgard, Virgenes gard, Århus andelsgard, Ommang Søndre og Medalhus andelslandbruk.  Det vil også vere samarbeid med Bioforsk økologisk, Norsk landbruksrådgiving og Universitetet for miljø- og biovitenskap. Kunnskapen og erfaringa til tidlegare dagleg leiar ved Øverland andelsgard, Jolien Perotti, vil også vere viktig i prosjektet.

For spørsmål om prosjektet ta kontakt med

Christine Hvitsand, Telemarksforsking, hvitsand@tmforsk.no

Marte von Krogh, Oikos – Økologisk Norge, marte@oikos.no

Annonsører

Samarbeidspartnere