Andelslandbruk er i vinden

Virgenes gård i Vestfold kunne onsdag denne veka friste med adopsjon av høns, og på Århus andelsgård i Skien får andelseigarane velje mellom 40 ulike typer grønnsaker – alt på ein åker! Andelslandbruk er i vinden, og ja, det kan være lønsamt både for bonden, gartnaren og deg!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Nationen hadde laurdag ein tre siders reportasje frå Århus andelsgård i Skien, med overskrifta ”Jordbruk på deling”. Med stort bilete av gartnaren med hjulhakka, og skildringar av grønsaksåkeren som eit mosaikkteppe med over 40 ulike grønsaker klør det i dei halvgrøne fingrane og rumlar i magen. Medan avstanden mellom jord og bord aukar er det krefter som held igjen, og på Århus finn me nokre av dei.   

 

Ideen om å organisere matproduksjon som andelslandbruk vaks fram i Tyskland og Japan på 1960-tallet som ein reaksjon på aukande urbanisering av jordbruksland og bekymringar for mattryggheit. Aukande bruk av giftige sprøytemidler i maten, industriell foredling av mat og stadig større avstand mellom jord og bord skapte ønskjer om eit anna matsystem. Fleire og fleire menneske har sidan den tida organisert seg for å støtte og betale dei reelle kostnadane for økologisk og sosialt berekraftig matproduksjon. Dei har valt å ta den i matproduksjonen, valt å vite kor maten kjem frå og korleis den blir produsert.

 

Det er i dag fire andelsgarder i Noreg. Interessa veks og me vil me tida sjå at fleire kjem til. Det heilt sikkert. I følgje Tove Hoppestad, administrativ ansvarleg på Århus kan det også vere lønsamt, både for gartnaren eller bonden, og for andeleigarane. Sjølv om eit større produksjonsmangfald gir meir arbeid, sparer dei inn på innhausting, pakking og distribusjon. Og for andelseigarane, særskilt dei grønsaksglade, er dette både billigare og meir sosialt enn å handle på butikken.


Les heile reportasjen om Århus andelsgård i Nationen

 

Les meir om andelslandbruk i Noreg på andelslandbruk.no

Annonsører

Samarbeidspartnere