Andelslandbruk – landbrukets redning?

    Avhengigheita mellom bonde og forbrukaren, er gjensidig. Likevel aukar avstanden mellom oss, og med det kunnskapen om at det koster både tid og pengar å produsere kvalitetsmat. Kanskje er andelslandbruket ein del av redninga?

     

     

    Bilete er frå haustakkefest på Øverlandel i Bærum. Kjelde: http://www.andelslandbruk.no/

     

     

     

     

    Tekst: Helene K. Austvoll

     

     

    Ekspert på andelslandbruk

     

     

     

    Andelslandbruk sto på agendaen på seminaret "Bønder i by`n?", fredag 23.mars i Trondheim. Tidlegare dagleg leiar av Øverland andelslag, og kanskje Noreg sin fremste ekspert på andelslandbruk, Jolien Perotti, leia ei diskusjonsgruppe kor økologiske bønder og andre interesserte diskuterte seg i mellom.

     

     

     

    Kan dette vere ein lønsam driftsform? Kva får bonden igjen for det? Kva verdi har eit nærare forhold til forbrukarane?

     

     

    Kva er andelslandbruk?

     

     

    Andelslandbruk er ein form for direkte omsetjing der omsetjing og dialog føregår direkte mellom garder og forbrukarar. Det unike er at forbrukarar kjøper andelar av gardens produksjon, til dømes for eitt år av gongen, og deler risikoen for årsvariasjonar i avlingane.

     

     

     

    Andelshavarar kan delta i planlegging av produksjonen på garden. Det finst fleire måtar å organisere dette på, avhengig av ønskjer frå bonden og sjølvsagt kva forhold som ligg til rette på garden.

     

     

     

     

     

    Er du som forbrukar interessert i:

     

     

    Kor kjem maten i frå?

     

    Korleis du kan få tak i meir, betre og ferskare økologisk mat?

     

    Korleis maten produserast?

     

    Kva ansvar har du sjølve?

     

     

     

     

     

    Er du som bonde interessert i:

     

     

     

    Openheit om økonomi og andelspris

     

    Openheit om drift og produksjon

     

    Produksjon etter behov

     

    Eit større gardsfellesskap

     

    Ingen sløsing med matvarer

     

     

     

     

     

    Andelslandbruk skaper sosiale relasjonar, nærleik til matproduksjon, ein tryggleik for bonden og er på den måten kanskje landbrukets redning?

     

     

     

    Les meir på http://www.andelslandbruk.no/.

     

     

    Annonsører

    Samarbeidspartnere