Økologisk landbruk mest lønsamt

Økologiske mjølke- og sauekjøtprodusentar her i landet har dei siste åra vore meir lønsame enn ikkje-økologiske bruk, viser nye tal. — Hovedproblemet i norsk landbruk er at økonomien er for dårleg, seier styreleiar Jakob Bjerkem i Oikos - Økologisk Noreg.

Forskare fra Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) har sett på utviklinga for 21 mjølkebruk frå 2007 til 2011 og fem økologiske sauebruk frå 2006 til 2010 og samanlikna desse med konvensjonelle bruk. Dei økologiske bruka er då dei som kjem best ut økonomisk.

— Kornbonden tener for dårleg. Melkebonden tener for dårleg. At det kjem fram at inntektsutviklinga har vore betre for økomelkebonden dei siste åra er ikkje eit problem. Men den konvensjonelle bonden burde også ha hatt tilsvarande utvikling, seier Jakob Bjerkem.

For sauebønder er det truleg mindre krevjande å driva økologisk enn vanleg sauehald, meiner forskarane. Dei peikar på at resultatet blir betre for økologiske sauebønder som set på så mange sauer som det er grovfor til, enn for konvensjonelle bruk med like mange dyr, heiter det på nettsida til landbruks- og matdepartementet.

"Den største utfordringa for dei økologiske mjølkeprodusentane er å skaffa nok grovfor. Dei økologiske brukarane har lågare kjøtproduksjon enn dei konvensjonelle brukarane, og ved lite grovfor er det meir lønsamt å produsera mjølk enn kjøt" heiter det får NILF.

— Det er eit mål for Oikos-Økologisk Norge å betre økonomien i landbruket generelt. Det er også eit mål for Oikos-Økologisk Norge å få lagt om til økologisk drift så mye som muleg av den egna jorda.  Betra økonomi kan vera ein stimulans til dette, seier Jakob Berkjem.

Les heile publikasjonen frå NILF her.

(©NPK / Oikos)

Annonsører

Samarbeidspartnere