Økologisk landbruk

Landbruket er ein av menneskeheita sine mest elementære aktivitetar. Mennesket treng landbruket for å livnære seg dagleg, men også historie, kultur og samfunn er ein del av landbruket. Me vil alltid trenge dette livsgrunnlaget, og må difor forvalte og ivareta dei naturgitte ressursane på ein berekraftig måte. Det er det økologisk landbruk handlar om.

Det ligg eit vel fundert og omfattande tankesett bak praktisk økologisk landbruk som er viktig for å forstå kvifor regelverk og den daglege drifta er slik ho er. Økologisk landbruk heile tida er i utvikling. Ei utvikling som formast av forsking og kunnskapsauke innan agronomi, biologi og teknikk og ikkje minst empiri.

Last ned Oikos sin illustrasjonsplakat som enkelt visar hovudtrekka i økologisk landbruk.

Fire grunnprinsipp

Økologisk landbruk bygger på fire grunnprinsipp som er utvikla av IFOAM (International Federation of Organic Agriculture Movements) og oversett til norsk av Oikos – Økologisk Norge. Prinsippa legg grunnlaget for økologisk gardsdrift, og er noko å strekke seg etter for å utvikle landbruket i meir økologisk retning.

Helse

Økologisk landbruk skal oppretthalde og fremje helsa til jord, planter, dyr, menneske og jordkloden som ein udelelig heilskap.

Økologi

Økologisk landbruk skal bygge på levande økologiske system og krinsløp, arbeide med dei, etterlikne dei og hjelpe til å bevare dei.

Rettferd

Økologisk landbruk skal bygge på relasjonar som sikrar rettferd når det gjeld vårt felles miljø og moglegheit for livsutfalding.

Varsemd

Økologisk landbruk skal drivast på ein ansvarleg og varsam måte for å ta vare på miljøet og beskytte helse og velvære for nåverande og framtidige generasjonar.

Last ned prinsippa i sin heilskap.

Økologisk landbruk i praksis

Dei fire prinsippa setjast ut i live gjennom bruk av lokale og fornybare ressursar på gardsnivå, bevaring og forvalting av biologisk mangfald og eit variert kulturlandskap. I økologisk landbruk er naturens krinsløp og samspel peikepinn, og ein treng difor ikkje å nytte kunstgjødsel eller kjemisk-syntetiske sprøytemiddel. Det er særskild tre ting ein bonde må tenkje på: fôr til dyra, gjødsel til plantene og sjukdomskontroll.

Vekstskifte, kor plantevekstane si plassering roterast, er ein av metodane for å kontrollere ugras, sjukdom og næringstilgong til plantane. Bruk av belgvekster (kløver, erter, bønner og så vidare), som sjølv kan ta opp nitrogen frå atmosfæren er viktig i økologisk landbruk, saman med bruk av kompost, husdyrgjødsel og andre økologiske gjødslingsmetodar.

Ei levande matjord, med mikro- og makroorganismar og god jordstruktur, er essensielt for eit robust og motstandsdyktig landbruk. Les meir utfyllande om dette og meir om økologisk landbruk på Agropub.no.

Kva er biodynamisk landbruk?

Den økologiske driftsretningen biologisk-dynamisk landbruk er utvikla med utgangspunkt i Rudolf Steiners antroposofi. Landbruksmetoden er praktisert i Noreg frå først på 1930-tallet. For godkjenning av biologisk-dynamisk landbruksdrift må alle minstekrav for økologisk produksjon vere oppfylt, i tillegg til eigne krav.

Demeterlogo

Biologisk-dynamisk produksjon har eit eige godkjenningsmerke, det internasjonale Demeter-merket. Dette brukast i Noreg som eit tilleggsmerke til Ø-merket. Namnet Demeter er henta frå oldtidas greske fruktbarheitsgudinne. Demeter-merket har vort registrert i Noreg sidad 1951.

Forklaringa over er frå Biologisk-dynamisk forening sine nettsider. Les meir om biodynamisk landbruk og foreininga på nettsidene deira.

Annonsører

Samarbeidspartnere