60 prosent er nøgde med økomat-utvalet

Tre av fem er nøgde med utvalet av økologiske matvarer i butikkane dei brukar. Det syner ei undersøking Sentio har gjort for Nationen.

Dagleg leiar Regine Andersen i Oikos - Økologisk Norge seier tala kan vere ein indikasjon på at vareutvalet er blitt betre dei siste åra.

— Undersøkinga kan også seie noko om kva den vanlege forbrukaren tenkjer om økologisk mat. Dei som ikkje er oppteken av økologisk mat, vil kanskje tykkje at tilbodet er godt nok, men stadig fleire handlar økologisk. Ei undersøking i 2012 viste at 23 prosent hadde handla økologiske produkt den aktuelle dagen, seier ho til Nationen.

26 prosent seier dei ikkje er nøgde med økoutvalet, medan 14 prosent seier dei ikkje veit. Også forbruksforskar Gunnar Vittersø ved Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) er samd med Andersen i at folk kan oppleve at tilbodet har blitt betre.

— Likevel er det generelt framleis svært avgrensa utval av økologiske produkt hos lågpriskjedene, medan fullsortimentbutikkane har blitt mykje betre dei siste åra, seier ho.  Ho meiner butikkane må følgje utviklinga. — Dei må utvide sortimentet, gjere det meir synleg og marknadsføre dei økologiske produkta betre.

Handelen opplever vekst i marknaden for økologisk mat. Det kan du lesa meir om i papir- og nettutgåva, eller eavisa til Nationen måndag 8. april. Eavisa kan du kjøpa her.

(Sindre Haugen Mehl / Nationen)

Annonsører

Samarbeidspartnere