Kronikk: Økologisk mat og helse

Økoveka i Nord-Trøndelag er nettopp avslutta med mellom anna kurs, Bondens Marked og Oikos - Økologisk Norge sitt Økoseminar. Det var stappfullt hus under professor Per Brandtzægs foredrag om ”Tarmens forsvarsverk – mulege angrepspunkt for gluten og GM-mat”.



Per Brandtzæg er professor i medisin og har gjennom ei årrekke bygd opp Laboratorium for immunhistokjemi og immunpatologi (LIIPAT) ved Avd. for patologi ved Oslo universitetssykehus, Rikshospitalet.  Han er kåra til Norges mest siterte forskar i utlandet i ein tjueårsperiode og har fått den uoffisielle tittelen ”Norges mest dekorerte professor”.  Han har m.a. forska på tarmslimhinnene i kroppen vår i fleire tiår.  Begrepet ”Lekk tarm”  er ikkje ein etablert diagnose i dag og er skapt av alternativbehandlarar og brukt av såkalt alternativt tenkande legar. 

 

Brandtzæg seier at det no finnes holdepunkt for å hevde at redusert slimhinnebariære i tarm eller luftvegar kan vera grunnlag for fleire sjukdommar.  Dette kan vera sjukdommar som cøliaki, allergi, astma og ein del problem i sentralnervesystemet og andre organ.  Dette gjer at begrepet ”Lekk tarm” blir meir og meir stuereint å bruke også i vitskapleg medisin.  Når vi veit at om lag 1 tonn mat og drikkevarer passerer gjennom kvar og ein av oss gjennom året, så er det eit mysterium at så mange av oss held oss friske.  Men statistikken viser at talet på dei som får diagnosen overreaksjon mot gluten (glutenintoleranse) auker enormt.  Markedet for glutenfri mat er derfor i sterk vekst. Mye tyder på at dei fleste av desse med ein slik diagnose eigentleg ikkje har cøliaki, men at det er endringa i proteinet i matkorn og ekstra tilsetting av gluten i brød som kan gi sjukdom som likner cøliaki utan at pasientane har den rette sjukdomsgenetikken.

 

Per Bandtzæg viste på Økoseminaret på Bjerkem at forskingsresultata frå ma. LIIPAT kan danne grunnlag for endringar i beslutningsprosessen i viktige landbrukspolitiske spørsmål.  Professoren sit sjøl i GMO-underutvalget i Vitenskapskomiteen for mattrygghet (VKM)  og er stadig på reisefot for å gjere beslutningstakarar merksame på dei siste forskingsresultata og VKMs haldning til GMO.

 

Per Brandtzæg sa i sitt foredrag at slimhinnene er ein slagplass der slimhinnene pumper ut antistoff for på beskytte overflatene.  Ved sjukdommen cøliaki eller liknande  tilstander blir det ”lekasje” mellom cellene i tarmens overflate (epitelcellene) slik at ufordøyd gluten trenger gjennom slimhinnene og forårsaker betennelse.   Dei siste åra er det skapt stor interesse for bakterielivet i tarmen.  For 10 år sidan hadde ein ikkje kunnskap om det enorme tal levande organismar som finnes inne i eit kvart menneske.  Mennesket kan samanliknast med eit rør som danner bolig for myriader av levande vesener. Talet bakteriar som lever i tarmen er minst ti gonger større enn det totale talet på menneskelege celler i kroppen vår, og desse bakteriane har til saman minst 100 gongar så mange gener som alle cellene våre.    Gensystemet til desse bakteriane er derfor ein heil vitenskap i seg sjøl som berre få grupper har tatt til å forske i enno. Men interessen er stor for det er klart at maten vi et og bakterisamansetninga i tarmen påverker kvarandre gjensidig. 

 

PÅ NRKs Forbrukerinspektørene sist veke gikk ernæringsprofessor Wenche Frølich ut med påstanden om at tilsetting av ekstra gluten i brød er ”mindre bra”.  Dette kan vi rekne som ei viktig erkjenning sa Brandtzæg.  Dette betyr at ikkje berre dei som dyrker gamle kornsortar, alternativmedisinarar og slimhinneforskarar ser problema med med den nye type gluten som er avla inn i kveita dei siste 30-40 åra.  Ikkje nok med at den nye type gluten er uheldig, men for å bedre bakeutbyttet og bakeegenskapane så set ein også til ekstra mengde av denne proteintypen i brødmjølet.

 

For  oss som er økologar er det lett å jamføre livet i tarmen med livet i jorda.  Det er ei gåte for oss at du berre unntaksvis kjem borti folk som er interesserte i mikrolivet i jorda.  Vi skjønner at forsking her kunne gi store resultat.  Men det ser ut for at forskarar som ønsker å studere slike ting blir prioritert ned.  Framleis skal forsking på kjemi med nitrogen, kalium og fosfor og menge avling ha første prioritet.  Den nye landbruksmeldinga fokuserer på auke i avling og det settes ned utvalg for å sjå på korleis ein skal auke avlingsmengda.  Gong på gong ser ein at søknader som går på økologiske spørsmål ikkje blir prioritert mens meir tradisjonelle forskingsprosjekt får pengar.  Stiller du spørsmål som grenser inn på økologi, store samanhengar og livet i jorda på ein markdag, så  blir du bedt om å legge ”følelser” til side og halde deg til fakta.

 

I media verserer no resultat av ein fransk studie som viser at ein type genmais frå Monsanto kan føre til auka kreftrisiko. Brandtzæg kunne i sitt foredrag  gi oss eit lite innblikk i den harde kampen det er mellom ulike leirar i forskarmiljøa. EUs mattrygghetsutvalg  (EFSA) avviser no den franske professor Seralini sine dyreforsøk som viser at rotter som i heile to år et genmodifisert mais sprøyta med Roudup oftare får kreft og døyr tidlegare. Også rotter som får mikromengder Rroundup i drikkevatnet tar skade av det. Tidlegare har kravet til slike foringsforsøk berre vore 90 dagar. Seralini hevdar at grunnen til at EFSA ikkje godtar hans resultat er at EFSA alt i 2003 godkjente den genmodifiserte Monsanto-maisen NK603 og derfor ikkje ønsker bråk om dette ni år etterpå. EFSA kritiserer Seralini for at han ikkje vil offentleggjere grunnlagsdata for sine resultat. Til det bemerker så Seralini at EFSA heller ikkje har offentleggjort grunnlaget for si godkjenning i 2003.

 

Om kvelden etter Brandtzæg sitt foredrag på Bjerkem i Steinkjer var over 120 bygdekvinner samla på Snåsa for å høre lege Berit Nordstrand kåsere rundt temaet mat og helse. Interessen for temaet er altså enorm. Det er derfor ei gåte at så få mat- og landbrukspolitikarar ønsker å fokusere på at det er mat vi produserer. Og at det viktigaste må vera at maten som blir produsert er den rette både ut frå helse/ernæring, økologi, klima, rettferdighet og føre-var-prinsipp.  Fortsatt synes det som at stor mengde til låg pris, industrielt framstilt er det som skal prioriterast.  Men etter stemninga i Nord-Trøndelag no, så kjennest det sannsynleg at ting verkeleg tar til å røre på seg.  Interessen for økologisk mat og rein mat er aukande.

 

Jakob Bjerkem,
Styreleiar i Oikos-Økologisk Norge

 

Kronikken er publisert i Nationen samme dag.

Annonsører

Samarbeidspartnere