Nr 8-2006, årgang nr 8
DLF-Trifolium har for første gong fått løyve til å gjennomføre genforsøk på friland i Danmark
Giftgiganten BAFS tek kontroll over planteforedling i Sverige
DEFRA lurer GMO inn bakdøra i Storbritannia
Norge kan verte tvungne til å opne for genmodifisert plantedyrking
Styresmaktene i Uganda, Kenya, India og Tsjekkia positive til GMO, men stor skepsis i Mexico og Italia
**************************************************
Første danske frilandsforsøk med GMO-gras
For første gong har kløver- og grasfrøverksemda DLF-Trifolium, som har hovudbase i Roskilde, fått løyve av miljøstyresmaktene til å prøve ut sitt mangeårige arbeid med bioteknologi i praksis i Danmark.
Selskapet skal gjennomføre forsøk med raigras med høgt sukkerinnhald, første omgang til og med 2008.
- Sukker finst naturleg i graset, men mengda fell mykje i løpet av sommaren og graset vert difor mindre næringsrikt. Vi har sett inn gen frå ein plante som produserer mykje sukker, og no skal vi sjekke korleis det verkar på friland, seier utviklingsdirektør Klaus K. Nielsen.
http://www.berlingske.dk/indland/artikel:aid=816450/
http://www.tv2east.dk/nyhed_vis.php?id=20688
http://www.lorry.dk/moduler/nyheder/news.asp?id=29488
BAFS tek kontroll over svensk planteforedling
Den multinasjonale giftprodusenten BASF satsar 700 millionar Euro i løpet av dei neste ti åra på samarbeid med den svenske foredlingsverksemda Svalöf-Weibull, og garanterer marknadstilgang for nyutvikla produkt, også genmodifiserte. Svenske Hallandsposten åtvarer mot dette, ut i frå tidlegare erfaringar med korleis forskingsresultat har vorte patentert og utnytta av multinasjonale gigantar som Monsanto og BAFS, som berre har auka profitt som mål.
http://www.hallandsposten.se/artikel.asp?oid=180438
http://forskarbloggen.typepad.com/
DEFRA lurer GMO inn den britiske bakdøra
DEFRAs forslag til korleis ein skal hindre at konvensjonell og økologisk dyrking vert ureina av genmodifiserte plantar har har både juridiske og grunnleggande brestar.
- Den britiske opposisjonen mot genmodifiserte avlingar er overkøyrd av ei regjering som har bestemt seg for å støtte GMO-industrien, seier den tidlegare miljøvernministeren Michael Meacher til The Indepentant. Uttalen kom under debatten i Storbritannia om ein mogleg sameksistens mellom GMO-plantar og andre plantar på den britiske landsbygda.
http://news.independent.co.uk/uk/politics/article1904982.ece
http://www.first4farming.com/F4F/news/index.jhtml?article_id=fwi99128
Tryggingstiltak ved britiske genforsøk
Strenge tryggingstiltak skal vere på plass for å sikre testområda for genmodifiserte grønsaker i Canterbury dersom dei held fram neste år.
http://www.stuff.co.nz/stuff/0,2106,3846168a3600,00.html
Stor fare i humlens flukt
Genmodifiserte plantar vert ikkje dyrka i Norge i dag, men vi kan før eller sia verte tvungne av EØS eller WTO, skriv dei to biologiprofessorane Eline Hågvar og Inger Nordal i Dagsavisen 24. oktober. Spreiing av pollen mellom anna med humler kan skje over fleire hundre kilometer.
Dei to var våren 2006 medlemmer av eit ad hoc-utval som skulle gje råd til Mattilsynet om eit eventuelt norsk regelverk for sameksistens mellom konvensjonelt/økologisk og GMO i jordbruket, med særleg vekt på oljeraps, mais og potet.
- Dessverre er det allereie mange døme på at gen frå GMO spreier seg på uønska vis til andre plantar Når det gjeld rapsdyrking er det difor vanskelig å førestille seg sameksistens utan genetisk samrøre. Og då er det etter vår meining berre ein utveg: føre-var-prinsippet. Vi ynskjer ikkje å gamble med norsk landbruk og norsk natur. Miljøverndepartementet bør ikkje gje løyve til storskalaproduksjon der uønska genar kan spreie seg til feil åker og til naturen, meiner dei to.
http://www.dagsavisen.no/debatt/article2364829.ece
Uganda ynskjer GMO-bananer på grunn av sjukdom
Uganda ”treng biotek-lov” for å berge bananproduksjonen, heiter det i ei melding frå landbruksdepartementet i landet. Ein sjukdom det ikkje er funne botemiddel for trugar bananhausten. Uganda's National Agricultural Research Organisation og the International Institute of Tropical Agriculture arbeidar no saman for å utvikle ein banantype som er resistent mot denne sjukdommen.
http://www.scidev.net/News/index.cfm?fuseaction=readnews&itemid=3149&language=1
Mexico stoggar utplanting av gen-mais
Mexicanske styresmakter har førebels sett ein stoppar for planane til Monsanto Co og andre bioteknologiske firma om å plante ut genmanipulerte maisfrø på grunn av den heftige debatten i landet om genteknologi. Fleire firma har søkt om løyve etter at moratoriet var mjuka opp.
Ein del forskarar og multinasjonale selskap er frustrerte medan miljøforkjemparane jublar. Avgjerda er viktig for å hindre GMO-frø frå å blande seg med dei naturlege sortane i Mexico, heimlandet til maisen som framleis har eit verdifullt genetiske artsmangfald. Men denne verdien er likevel truga – på grunn av import av umerka frø. Dessutan kjøper Mexico kring 6 millionar tonn mais frå USA kvart år – ein tredel av denne maisen er genmanipulert.
http://www.msnbc.msn.com/id/15329667/
http://www.ipsnews.net/news.asp?idnews=35280
http://www.alertnet.org/thenews/newsdesk/N18394498.htm
http://today.reuters.com/news/articleinvesting.aspx?view=CN&storyID=2006-10-18T212504Z_01_N18394498_RTRIDST_0_FOOD-MEXICO-GMO-UPDATE-2.XML&rpc=66&type=qcna
http://www.washingtonpost.com/wp- dyn/content/article/2006/10/19/AR2006101900053.html
India satsar stort på Golden Rice
Trass i massiv kritikk både frå utlandet og indisk miljøorganisasjonar, satsar India vidare på den genmodifiserte risen Indica Golden Rice.
- India skal ikkje hamne i bakleksa når det gjeld å vidareutvikle genris, og vi kjem til å legge ut store prøvefelt med vår eigen gylne ris i løpet av det neste året, seier generalsdirektøren i Indian Council of Agricultural Research, Mangla Rai, til The Financial Express, India. Eit av argumenta for denne genrisen er det høge innhaldet av jern og karoten.
http://www.financialexpress.com/fe_full_story.php?content_id=143306
Testing av all ris frå USA
EU-kommisjonen har nedlagt påbod om obligatorisk testing av all importert langkorna ris frå USA for ulovleg GMO.
Etter å ha funne spor etter tre ulike typar ulovleg GMO-ris gjennom fleire månader, har EU bestemt at all langkorna ris frå USA skal analyserast før den vert sleppt ut på den europeiske marknaden.
http://www.hemscott.com/news/latest-news/item.do?newsId=36870146841628
http://www.euractiv.com/en/biotech/eu-force-gmo-counter-test-us-rice-shipments/article-158939
http://www.sharewatch.com/story.php?storynumber=234608
http://www.ft.com/cms/s/79931422-5f8a-11db-a011-0000779e2340,_i_rssPage=ff3cbaf6-3024-11da-ba9f-00000e2511c8.html
Stor skepsis i Italia
Tre av fire italienarar meiner GMO er eit trugsmål mot helsa. Undersøkinga, som vart lagt fram i International Forum on Agriculture and Food, er basert på ei spørjeundersøking blant vel 4 000 menneske. Stadig fleire italienarar vel økologisk mat, med 71 % som seier dei føretrekker produkt som ikkje har vore utsette for kjemikaliar.
http://today.reuters.co.uk/news/articlenews.aspx?type=healthNews&storyid=2006-10-20T134407Z_01_L20602839_RTRIDST_0_HEALTH-FOOD-ITALY-GMO-DC.XML&src=rss
http://www.agi.it/english/news.pl?doc=200610252032-1332-RT1-CRO-0-NF11&page=0&id=agionline-eng.oggitalia
Ikkje gen-soya til mjølkekyr
Kravet om GMO-fritt fôr til svenske mjølkekyr står fast, vedtok Mejeriindustriernas intresseförening 17. oktober. Vedtaket gjeld førebels fram til 31. mars 2008.
Informasjon om at soyamjøl til fôr ikkje må kome frå genmodifiserte bønner har no gått ut til fôrprodusentane, som kjøper soya frå Brasil.
Det svenske GMO-forbodet kostar forbrukarane i landet mellom 0,6 og 0,7 øre pr liter mjølk, skriv Lantbrukets Affärstidning
http://www.atl.nu/Article.jsp?article=37297
Kenya vedtek nasjonale regler for bioteknologi
Styresmaktene i Kenya har godkjent ei ny lov som gjev løyve til bruk av bioteknologi i landbruket. Dei forklarer dei nasjonale reglane mellom anna med at dei vil hjelpe landet i kampen mot fattigdom.
http://www.scidev.net/content/news/eng/kenya-approves-a-national-policy-on-biotechnology.cfm
Maisplanter kan bli etanol
Karin Öhgren, doktorand ved Lunds Tekniska Högskola, LTH, har vist at det går an å gjære restane etter maishausten til etanol ved hjelp av ein genmodifisert gjærsopp. Dette biproduktet etter maisdyrking har fram til i dag vore verdilaust, og eitt tonn tørr maisplanterestar gjev kring 400 liter etanol.
"Supergjæren TMB3400 klarar å sette i gang ein gjærprosess i alle sukkerartane i maisrestane, også under verkelege prosessforhold. Sist fredag la ho fram doktoravhandlinga si på Kemicentrum i Lund.
http://www.atl.nu/Article.jsp?article=37336
http://www.sr.se/cgi-bin/p1/program/artikel.asp?ProgramID=406&nyheter=1&artikel=992214
Farvel til kunstgjødsel
Dersom forbrukarane vil akseptere GMO, kan det innafor ei overskueleg årrekke truleg dyrkast både kveite, mais og bygg utan bruk av kunstgjødsel, meiner forskarar ved Århus Universitet. Dei har teke utgangspunkt i ei særeigen gruppa bakteriar som lever i små knollar på røtene til belgplantar, og det er slike knollar dei no meiner dei kan få vekstar som kveite, mais, bygg og ris til å danne.
http://www.landbrugnet.dk/article.asp?aid=14284
Monsanto nøgd med svensk maisforsøk
Den første svenska avlinga med genmodifisert mais gav betre resultat enn venta, skriv avisa Barometern. Monsanto finansierer forsøket, målet har vore å samanlikne ulike ugraskontrollstrategiar under svenske høve. Resultatet er 11 % betre enn ved konvensjonell ugrasbekjemping, i følgje Monsanto. Forsøka held fram neste år.
http://www.atl.nu/Article.jsp?article=37393
MAS fortrenger GMO
GMO er ikkje lenger det nyaste innafor matproduksjon. I følgje den danske avisa Information er MAS (markør-assistert seleksjon) det nye teknologiske vedunderet. Etter at genmodifisering i fleire år er vorte sett på som vår tids store landbruksrevolusjon, er genspalting og genmodifiserte avlingar no ikkje berre forelda, men og ei hindring for vidare vitskaplege framskritt, skriv det danske Maskinbladet.
MAS er ein sofistikert metode til hurtig optimering av klassiske avlsmetodar. Metoden er allereie er på marknaden, og vil etter kvart fortrenge GMO.
- MAS-revolusjonen vil vinne der GMO feila, meiner mellom anna Jeremy Rifkin, forfattaren av ”The Biotech Century”.
http://www.maskinbladet.dk/article/article_view.php?id=16570
http://www.guardian.co.uk/comment/story/0,,1931420,00.html
Genfrøgiganten Monsanto på innkrevjingsraid i Argentina
Monsanto prøver å skaffe seg direkte betalingsavtalar med argentinske bønder for genmodifiserte soyafrø etter at forhandlingane med styresmaktene i landet braut saman. Innhaldet i brevet dei har sendt ut til bøndene er på det sterkaste avvist av den argentinske landbruksføderasjonen Argentine Agrarian Federation skriv den amerikanske avisa Morningstar 26. oktober..
Argentinsk lov påbyr bønder å legge til side såfrø frå eiga avling til neste år, men Monsanto meiner dei skal ha betalt for bruken frøa som vart seld utan patent til Argentina i 1996.
http://news.morningstar.com/news/DJ/M10/D26/200610261640DOWJONESDJONLINE001330.html?Cat=Industrials
Forslag om litt GMO i økologisk
Landbruksministrane i EU har hatt rådsmøte i Luxembourg, der dei mellom anna har drøfta nytt regelverk for økologisk jordbruk. GMO er i prinsippet ikkje tillate i gjeldande regelverk. Det mest kontroversielle i det opphavlege forslaget frå EU-kommisjonen var at produkt som har mindre enn 0,9 % ureining av GMO framleis kvalifiserer for nemninga ”økologisk dyrka”. Det finske EU-formannskapet legg opp til at landbruksministrane vert samde om eit nytt regelverk på rådsmøtet i desember.
http://www.odin.no/lmd/norsk/tema/okologisk/nyheter/049051-212600/dok-bn.html
Bioteknologi som draghjelp til tsjekkisk matproduksjon
I Tsjekkia er det planar om å utvikle den nest største byen i landet til eit internasjonalt senter for utvikling av bioteknologi. Det kan gje tsjekkisk matproduksjon eit solid løft, seier ein industriekspert til nettavisa CEE-foodindustry.com. Tsjekkiske bønder har allereie teke i bruk GMO i kommersiell produksjon, og det er venta store investeringar innafor denne sektoren i åra som kjem.
http://www.cee-foodindustry.com/news/ng.asp?n=71662-biotechnology-czech-republic-brno
Dyrare ris
Forbrukarane må bu seg på prishopp på ei lang rekke av matprodukta til Rieber & Søn på nyåret. Dei har merkenamn som Toro, Denja, King Oscar, Mr. Lee og Geisha. I september trekte Toro attende grautris frå marknaden etter at det vart funne spor av genmodifisert ris i den importerte råvaren. På verdsbasis vert ein stadig større del av ris-, soya- og maisproduksjonen utsett for genmodifisering.
- Dette er med på å drive opp prisen på den «reine» risen, seier finansdirektør Tor Lund til Bergens Tidende.
http://www.bt.no/na24/article309706.ece
GMO-fri mjølk i England
For å kome eit voksande forbrukarynskje i møte introduserer den britiske detaljkjeda Sainsbury’s no ein GMO-fri mjølkevariant. Kjeden avviser at dei bøyer seg for press frå Greenpeace, som har oppmoda om boikott fordi Sainsbury’s selde mjølk fra kyr fora med GMO-for. Leverandørforeininga Agricultural Suppliers Trade Association garanterer at den nye mjølka kjem frå kyr som ikkje har fått genmodifisert fôr, skriv just-food.com. - Her heime fôrer ein og kyr med genmodifisert mat, men mjølk frå økologisk mjølkeproduksjon er GMO-fri, skriv det danske meieribladet Mejeri.
http://www.mejeri.dk/smcms/mejeri_dk/Nyheder/Nyhedsarkiv/2004/GMO-fri_maelk_i/Index.htm?ID=2912&mID=2653
Tysk ankesak om ”GMO-mjølk” i retten
Det same meieribladet fortel at Greenpeace tapte saka mot det tyske meieriselskapet Müller om ”GMO-mjølk”. Retten fastslo at GM-fôr ikkje kan sporast i meieriprodukt, og Greenpeace fekk forbod mot å kalle mjølka frå kyr som et genmodifisert fôr for ”GMO-mjølk”.
Greenpeace har anka saka, og dommen vil falle i løpet av november.
http://www.mejeri.dk/smcms/mejeri_dk/Nyheder/Nyhedsarkiv/2004/Greenpeace-aktion/Index.htm?ID=3064&mID=2653
http://www.mejeri.dk/smcms/mejeri_dk/Nyheder/Nyhedsarkiv/2004/Greenpeace_tabte/Index.htm?ID=4602&mID=2653
Romania i GMO-trøbbel
Matprodusentar i Romania kan risikere å bli utestengd frå den europeiske marknaden og i tillegg få problem med å selje genmodifiserte produkt lokalt på grunn av at dei enno ikkje stettar krava frå EU når det gjeld sporing og merking av varene. Ekspertar seiar at auken i GMO-dyrking også er eit hinder for økologisk jordbruk, der Romania har eit stort konkurransepotensiale i Europa. I 2004 låg Romania på 11. plass på lista over verdas største GMO-produsentar.
http://www.checkbiotech.org/root/index.cfm?fuseaction=news&doc_id=13757&start=1&control=164&page_start=1&page_nr=101&pg=1
Varm genpotet for EU
Kommersiell dyrking av ei svensk genmanipulert potet vert den første GMO-saka EU skal ha oppe til eventuell godkjenning sia 1998. BASF i Tyskland har teke over rettane til den genmodifiserte poteta, starch-potatoe EH92-527-1, som er utvikla av Amylogone i Sverige.
Eit forslag på vedtak frå EU-kommisjonen er venta i næraste framtid.
http://www.saveourseeds.org/en/frame.php?page=../dossier/fact_sheet_BASF_starch_potatoe
Ber om støtte frå uventa hald
Midt i den veksande krisa blant indiske bønder, der talet på sjølvmord har auka uhyggeleg dei siste åra, appellerer ein økobonde i India til Den grøne Revolusjons far om støtte til økologisk jordbruk.
http://www.i-sis.org.uk/farmersuicides.php
Tobakkstran
Forurensing og overfiske har fått britiske forskere til å produsere fiskeolje i tobakksplanter. For at tobakksplanten skal produsere fiskeolje må den genmodifiseres. Forskerne håper med dette å produsere fiskeoljer fra en bærekraftig miljøvennlig og sikker kilde. De ønsker også å forbedre ryktet til genmodifisert mat.
Men, bare så det er nevnt, det blir nok ikke sunnere å ta seg en røyk. Produktet er patentert, men det er enda ikke i produksjon, skriver Sunnmørsposten.
http://www.smp.no/default.asp?page=1035,1047&item=742652,1
***************************************’
GENNYTT er et gratis nyhetsbrev om mat og genteknologi, og sendes ut to ganger hver måned. Ansvarlig redaktør er Marit Bendz.
GENNYTT utgis av magasinet Ren Mat. Nyhetsbrevet finansieres ved kronerulling. Grønn Hverdag har støttet GENNYTT i Oktober (http://www.gronnhverdag.no/)
Send gjerne GENNYTT videre til andre du synes bør motta nyhetsbrevet. GENNYTT fra og med 15. september 2006 legges ut her: www.oikos.no/renmat
Tips, adresseforandringer m.v kan sendes til gennytt@oikos.no
|