.
Mange nye økogardar, men færre husdyr.

Eitt av fem omlagde norske gardsbruk i 2007 var i Hordaland eller Sogn og Fjordane. Til saman fekk fylka 23 av landets 111 nye økologiske gardar. Samtidig går det økologiske husdyrtalet og arealet ned.

Stor auke i omlegging

Debios statistikk for 2007, syner ei stor auke i karensarealet, altså jord som er under omlegging. Hordaland har karensareal tilsvarande ein fjerdedel av sitt økologiske areal. Tek ein med Sogn og Fjordane, er det over 5000 dekar under omlegging her vest. Det utgjer 20 prosent av eksisterande økoareal. Slår dette til, er utviklinga svært bra.

 

Samtidig er det ein del som sluttar, slik at netto sertifisert økologisk areal heller ikkje i 2007 hadde noko auke. Hordaland hadde faktisk ein tilbakegong på tre prosent. Samla sett er difor det økologiske arealet i dei to fylka det same som i byrjinga på 2000-talet. Vi kjenner ikkje bakgrunnen for tala, men vi reknar med at det generelle fråfallet i landbruket også gjeld økologiske bruk. Difor gleder Oikos vest seg over karensarealet – som peikar framover.

 

Færre økologiske husdyr

Dersom vi går inn og ser på dei ulike produksjonane, er det fem tal som peikar seg ut. Det første er at det har blitt færre økologiske sauer. Reduksjonen på 94 dyr i Hordaland og 141 i Sogn og Fjordane, er ikkje større enn ein buskap eller tre. Likevel er det grunn til å løfte på augebryna etter eit år då spesielt styresmakter og forsøksringane har satsa svært tungt på omlegging i sauenæringa, med ein målsetnad på 60 prosent økologisk. Vel, sauene vert ikkje økologiske før jorda er lagt om, så ein får tru ein del av karensarealet er til sauefôr.

 

Den andre motoren i vestlandsk landbruk, mjølkeproduksjon, fekk heller ikkje auka økologisk produksjon i fjor. 107 kyr i Hordaland og 54 kyr i Sogn og Fjordane er faktisk lågare enn for fem år sidan – noko som også syner att i redusert økologisk engareal. I Hordaland skulle ein kanskje forventa ein auke, etter at det vart oppretta ei klynge der i 2006. I Sogn og Fjordane kom økomjølktillegget først i fjor. Utfallet av det vil vi tidlegast sjå til neste år.

 

Organisasjonssjef Odd Fauske i Tine Meieriet Vest, seier at det er to-tre bygder som er på gli i Sogn og Fjordane, men tidlegaste produksjon av økomjølk på Byrkjelo vert i 2010-2011. Nils Vange, som er Oikos vest representant i økomjølkegruppa i Hordaland, seier at potensialet er ein dobling i produksjonen (frå 500.000 liter til ein million) i løpet av to-tre år.

 

Det tredje talet er at det også vert færre økologiske geiter. Nedgongen i dei to fylka er på 143 dyr. Det utgjer 35 prosent. Dette er ei utvikling som kanskje kan snu, no når Tine har sagt at dei ønskjer å satse på økologiske geitemjølkprodukt. Dersom årets jordbruksoppgjer får inn høgare satsar på økologisk husdyrtilskot, kan det også hjelpe.

 

10.000 kalkunar

Det fjerde talet er langt meir positivt, og det er 10.000. Dette er talet på økologiske kalkunar. Homlagarden i Norheimsund står åleine for denne produksjonen. Cecilie Holm og Bjørn Brynjolf Pedersen har ein særs spennande produksjon, med alle desse utegåande kalkunane og tilhøyrande beite, pluss eple, pære og plommer.

 

Det femte talet er frukt. Her ser vi at Hardanger har byrja å klyge på statistikken. Sogn aukar framleis, og er enno størst i landet på økofrukt. Dei to fylka har til saman 340 dekar økologisk frukt.





Oikos Vest v/Una Kolle, Bringedalsvegen 183, 5462 Herøysundet - vest@oikos.no