15. april 2008, årgang 10.
* Forsøk i Tromsø vekker oppsikt – vasslopper vert sjuke av genmodifisert mais
* Matkrisa kan presse fram meir GMO
* Kampanje mot patentering av vanlege plantar og dyr
Norske forsøk: GM-mais skadeleg for vasslopper
Genmodifisert mais er testa på vasslopper og resultata gjev mistanke om helseskadar. Forskar Thomas Bøhn ved Senter for biosikkerhet i Tromsø testa maisen ved å fôre like grupper av vasslopper (Daphnia magna) med genmodifisert og tradisjonell mais. Gruppene som fekk genmodifisert mais gjekk det relativt dårlig med.
- Forsøka starta med vasslopper som var ein dag gamle. Etter 42 dagar var det langt færre overlevande blant dei som hadde fått genmodifisert mais, fortel Bøhn.
Det var og dårligare vekst, færre avkom og færre som nådde kjønnsmoden alder i løpet av forsøksperioden, samanlikna med gruppene som fekk vanleg mais. Dei overraskande resultata gjorde at forskargruppa utførte tre identiske forsøk.
- Å gå frå tradisjonell til genmodifisert mais i stor skala vil være eit ufatteleg dårlig byte dersom den genmodfiserte held vesentleg dårlegare kvalitet, seier Bøhn.
Forskarane i Tromsø ynskjer å gjere nye studie for å finne den spesifikke årsaka til skilnadene mellom den genmodifiserte og den umodifiserte maisen.
- Vi vil og teste andre genmodifiserte plantar og utvide fôringsforsøka til å inkludere pattedyr som mus eller rotter, som er fysiologisk meir like oss menneske, seier Bøhn.
http://www.forskningsradet.no/servlet/Satellite?c=GenerellArtikkel&cid=1205852060538&kilde=n&pagename=ForskningsradetNorsk%2FHovedsidemal
Her ligg forsøksrapporten:
http://www.genok.org/nyheter_cms/2008/mars/ny_artikkel__reduced_fitness_of_daphnia_magna_fed_a_bt_transgenic/71
Matkrise banar veg for GMO
Ei global matkrise kan vere gjennombrotet for genmodifisering av matvarer. Verda manglar mat, og merksemda vert no flytta frå bærekraftig utvikling til auka produksjon. Ei dramatisk auke i matprisane og stor mangel på basisvarer har fått den internasjonale debatten til å dreie frå miljø og klimatiltak til større avlingar.
Produksjonen av matvarer har stagnert, forbruket veks og kornlagra verda over er på sitt lågaste nivå på 50 år. Ein påfølgjande priseksplosjon har skapt omfattande uro og protestar i ei rekke land i Afrika, Sør-Amerika og Asia.
http://www.adressa.no/nyheter/utenriks/article1064594.ece
Danmark: Minister misbruker matkrisa
Den danske matministeren Eva Kjer Hansen vert skulda for å utnytte matkrisa i verda til å presse fram sitt syn på GMO og opne grensene for meir import av genmodifisert fôr frå USA og Latin-Amerika. Per Clausen frå Enhedslisten meiner derimot at det er uforsvarleg av miljø- og energimessige årsaker å oppretthalde den noverande svineproduksjonen i Danmark
http://www.enhedslisten.dk/minister-udnytter-krise-til-gmoimport
EU-kommissær for landbruk, Mariann Fischer Boel, er heilt på line med Hansen, og vil gjere prosessen for godkjenning av gmo-ar enklare.
http://www.dr.dk/Nyheder/Indland/2008/04/09/164202.htm
Afrika: Den grøne GMO-revolusjonen
Det er framleis berre Sør-Afrika av over 50 afrikanske land som har teke eit klart positiv standpunkt til import og kultivering av GMO. I tillegg har fleire land, til dømes Sudan, Angola og Zambia, motteke genspleisa mat som naudhjelp. Afrikanske forbrukarar og media har stort sett vore svært kritiske til GMO.
Det massive trykket for å innføre GMO i Afrika har gjeve fleire tilbakeslag og fiaskoar, som med Florence Wambugu’s genspleisa søtpotet i Kenya og The Gates Foundation’s GM durra i Sør-Afrika som dei verste døma. ”Den nye grøne revolusjonen i Afrika” er tungt finansiert av Gates Foundation.
Her er heile rapporten som oppsummerar GMO i Afrika 2007:
http://www.biosafetyafrica.net/portal/images/ACB/gmos_in_africa.pdf
Patent på vanlege plantar
I 2002 gav den europeiske patentorganisasjonen EPO patent på avlsmetodar og frø for heilt vanlig, grøn brokkoli til det britiske selskapet Plant Bioscience. Changemaker er blant dei som har klaga og krev at patentet vert trekt attende. Utfallet av brokkolisaka er veldig viktig. Dersom patentet ikkje vert trekt attende, betyr det fritt fram for andre å søke patent på helt vanlege plantar og dyr. Slike patent råkar særleg småbønder i fattige land.
Det amerikanske selskapet Monsanto har 75 tilsette som berre jobbar med å undersøke og saksøke bønder for brot på patentrettar ved bruk av såkorn, skriv Changemaker.
http://www.changemaker.no/article/articleview/7654/1/32/
Frankrike: Gmo-motstandarane tapte til slutt
Det franske parlamentet har etter månader med debatt godteke dyrking av GMO. Den endelege lova vart vedteke med 249 mot 228 røyster. Bøndene i Frankrike står dermed fritt til å dyrke genspleisa plantar. Dei som eventuelt øydelegg genmanipulerte avlingar risikerer opptil tre års fengsel.
http://www.sr.se/cgi-bin/p1/program/artikel.asp?ProgramID=406&nyheter=1&artikel=2005913
Sverige: Seigliva gmo-frø
Genspleisa rapsfrø kan overleve minst ti år i jorda. Svenske forskarar ved universitetet i Lund, som oppdaga dette på forsøksfelt i Skåne, meiner dette bør få konsekvensar for reglane for sameksistens. Plantane stamma frå eit ti år gammalt forsøk med genraps og glufosinatmiddelet Basta.
http://www.nature.com/news/2008/080402/full/news.2008.729.html
EU: Øko-symbol betyr GMO
Forslaget til ny merking av økologiske matvarer i EU er forkasta, mellom anna fordi ordet ”bio” på merket i fleire medlemsstatar betyr gmo.... Den tyske lågpriskjeda Aldi nyttar dessutan eit liknande, beskytta symbol. Den nye merkinga skulle eigentleg innførast i januar 2009.
http://www.packnet.se/iuware.aspx?pageid=3520&ssoid=78917
Rivalar slår seg saman
Monsanto Company har gått i kompaniskap med rivalen Bayer CropScience for å utvikle ein ny genmodifisert maistype, skriv Associated Press.
http://www.iii.co.uk/shares/?type=news&articleid=6646667&action=article
Kina/EU: Må bevise at varer er gmo-frie
Det er funne genspleisa ris i fleire kinesiske risprodukt som er importerte til EU. No krev EU-kommisjonen attest frå dei kinesisk eksportørane på at produkta ikkje er ureina av GMO.
Kravet gjeld frå og med 15. april, og omfattar 23 ulike produkt.
http://www.atl.nu/Article.jsp?article=46013&a=Kina%20ska%20intyga%20gmo-frihet
Sverige: Sjølvlysande bakterie mot utøy
Det første svenske forsøket med genmanipulerte bakteriar ved SLU gjev lovande resultat.
Forsøka er gjort på tomat i laboratorium med bakterien SBW25, som i vill tilstand gjev betre vekst hos enkelte plantar og hemmar formering av ein del sopp og bakteriar.
Genmodifiseringa vart gjort for å kunne følgje utviklinga i eksperimentet og skilje bakterien frå andre mikroorganismar.
http://www.slu.se/?ID=135&Nyheter_id=8394
Tyskland: Gmo-åkrar under open himmel
Tyskland godkjenner dyrking av genspleisa sukkerroar og potet i opne felt. Planten har fått løyve til å så gm-sukker to stader mellom 2008 og 2011, medan BASF Plant Science får løyve til å starte tre åkrar med gm-potet mellom 2008 og 2012.
http://www.farmersguardian.com/story.asp?sectioncode=1&storycode=17644
Ber styresmaktene avvise bomullshybrid
Norges Naturvernforbund har delteke i den offentlege høyringa om ein genmodifisert bomullshybrid. Leiar Lars Haltbrekken peikar på tre hovudgrunnar til å seie nei.
- Dei er utrygge for helse og miljø. Dei er unødvendige for matproduksjonen i verda. Dessutan vil folk av fleire årsaker ikkje ha dei.
http://www.naturvern.no/cgi-bin/naturvern/imaker?id=115938
SEMINAR 22. april: Miljø og GMO
Finst det genmodifisert mat i Norge, kor mange har søkt om innførsel av gmo-mat og kva vert det lagt vekt på ved handsaming av slike søknader? Det er blant spørsmåla som vert stilt på Frukt og grøntdagen 2008 på Ås. Stad: Nofima Mat, Matforsk as, Ås.
http://www.matforsk.no/web/wkurs.nsf/d31e8e66f9e723abc1256d790038e796/c07e9260a4af4097c12573fa002ae07a/$FILE/program%20vegetabilfagdagen.pdf
SEMINAR 8. mai: Mattryggleik, biologisk mangfald og klima
Utviklingsfondet arrangerer halvdagsseminar om mattryggleik, biologisk mangfald og klimaendringar frå kl. 08.45 til 12.30. Utfordringa er «Korleis fø ei stadig veksande befolkning og samstundes ta vare på miljøet?» Stad: Miljøhuset G9 i Grensen 9 B, Oslo
http://www.utviklingsfondet.no/Utviklingsfondet_-_forsiden/Temaer_vi_jobber_med/Biologisk_mangfold/Artikler_om_biologisk_mangfold/?module=Articles;action=Article.publicShow;ID=1450
...........................................................
Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?
Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.
GENNYTT er et gratis nyhetsbrev om mat og genteknologi, og sendes ut to ganger hver måned. Ansvarlig redaktør er Marit Bendz. GENNYTT utgis av magasinet Ren Mat. Nyhetsbrevet finansieres ved kronerulling. Denne utgaven er støttet av Ren Mat.
GENNYTT legges også ut her: www.oikos.no/renmat
Tips, adresseforandringer m.v kan sendes til gennytt@oikos.no
|