13. mars 2009, årgang 11.
* Austerrike og Ungarn får oppretthalde forboda mot dyrking av genspleisa mais. Det norske Miljøverdepartementet har enno ikkje klart å ta ei avgjerd om norsk import av GM-mais.
* Genteknologiselskapa triksar med tal og hindrar amerikanske forskarar å gjere jobben sin. Men bønder i USA går attende til konvensjonell soya.
EU/Noreg: Forbod mot GMO er lov i EU, men kva meiner Noreg?
Austerrike og Ungarn får framleis lov til å forby dyrking av den genmodifiserte maisen MON810. I tillegg får Austerrike også lov til å oppretthalde forbodet mot maisen T25. Det er tredje gongen EU-Kommisjonen har har freista å få Ministerrådet til å fjerne dei nasjonale forboda. Storbritannia, Nederland, Estland og Finland stemte mot vedtaket, medan Sverige nøydde seg med å ville tillate forbod mot T25.
Moratoria mot M810 i Frankrike og Hellas er framleis under handsaming, men ein reknar no med at også desse vert godkjende.
http://uk.reuters.com/article/governmentFilingsNews/idUKBRU00731420090302
Noreg ventar på om Miljøverndepartementet vil godkjenne genmodifisert mais i mat og fôr. Saka har ligge sia juni, noko som kan tyde på at presset frå EU ikkje er særleg stort. Det nye vedtaket i Ministerådet kan også gjere det enklare å seie nei.
Om MD seier ja, kan regjeringa oppleve eit råkøyr på om den politisk leiinga tek genteknologilova om samfunnsnytte på alvor. Uthalinga i tid kan og tyde på at det snart er val i Noreg...
Seniorrådgjevar Casper Linnestad i Bioteknologinemnda er spent på kva departementet kjem fram til.
- For oss i forvaltninga vert det veldig interessant å endeleg få ei politisk vurdering. Eg er aller mest spent på grunngjevinga, enten dei no seier ja eller nei, seier han. Linnestad trur at Noreg tek ei sjølvstendig avgjerd, uavhengig av kva Ministerrådet meiner.
- Men det siste vedtaket i Ministerrådet viser enda ein gong at GMO er kontroversielt også i EU.
Avdelingsdirektør Yngve Svarte i Direktoratet for Naturforvaltning ser det ikkje som noko prestisjetap for Direktoratet dersom svaret vert negativt.
- Det er ikkje slik forvaltninga fungerer, vi vil ta MD si avgjerd til etterretning, seier han. Svarte trur heller ikkje at det siste vedtaket i EU vil innverke på resultatet i Noreg.
- Miljøverndepartementet vil ta si avgjerd på grunnlag av moment som er kome fram i den nasjonale sakshandsaminga, seier han, og vil ikkje spå om konsekvensane av eit norsk forbod.
- EU kan via EØS-avtala utfordre vårt standpunkt, men om det blir gjort er ei anna sak.
28 norske organisasjonar har skrive brev til regjeringa og appellerer om at den avviser søknaden.
Maisen NK603 er genmodifisert til å tåle sprøyting med glyfosat. Ei fersk studie viser at sjølv i små mengder er glyfosat giftig for menneske og dyr. Maisen T25 er modifisert til å tåle sprøyting med glufosinat-ammonium, som er forbode brukt på mais i Noreg og EU fordi dette sprøytemiddelet kan gje akutte og kroniske skadar (på hjerne, forplantningsevne og foster) i pattedyr inkludert menneske, skriv organisasjonane.
Gennytt nesten i mål
Vi har no fått løfte om 86 % av pengane vi treng for å gje ut Gennytt resten av 2009, og redaktør Marte Rostvåg Ulltveit-Moe har god von om å klare resten.
- Eg er svært takksam for alle som har gjeve sin skjerv så langt, seier ho. Denne utgåva er finansiert av private gjevarar.
USA: Industrien hindrar forsking
Bioteknologiindustrien hindrar amerikanske forskarar i å studere miljøkonsekvensane av og effektiviteten til genmodifiserte plantar. 26 skadeinsektekspertar protesterer no mot at dei ikkje får fri tilgang til å forske på GMO og at viktig forsking har vorte stoppa av Syngenta.
Forskingsmonopola til frøselskap som DuPont, Monsanto og Syngenta gjer at styresmaktene som skal overvake dei berre får einsidig informasjon om plantane, seier entomologen Ken Ostlie til New York Times. Dei fleste av forskarane som protesterer arbeider på landbruksuniversitet og er ikkje imot genmodifiserte plantar.
http://www.nytimes.com/2009/02/20/business/20crop.html?_r=2
USA: Attende til GMO-fritt
For første gong sia 1996 er det ein nedgang i talet på amerikanske bønder som dyrkar genspleisa soyabønner. Låge soyaprisar, større etterspurnad etter GMO-frie varer og prisauke på GMO-frø gjer at fleire går attende til tradisjonelle soyabønner dette året.
http://www.non-gmoreport.com/articles/mar09/farmers_planting_non-gmo_soybean
India/Monsanto: Monsanto forfalskar tal
Ein indisk grasrotaktivist tilbakeviser påstanden frå Monsanto om at GMO-ar aukar avlingane. Jordbruksanalytikaren og bloggaren Devinder Sharma avslører at Monsanto lyg så det renn på sine eigne websider.
- Fortel ei løgn hundre gonger, så vert det til slutt ei sanning. Men fakta er at i India har GM-bomullsavlingane det siste året gått ned med 14 prosent, skriv Sharma.
http://devinder-sharma.blogspot.com/2009/03/do-gm-crop-increase-yield-answer
Tyskland: To ministrar vurderer GMO-forbod
Tyskland vurderer å inndra løyvet til dyrking av genmais i landet fordi verken bøndene eller forbrukarane vil ha den, seier landbruksminister Ilse Aigertold til Berliner Zeitung. Ho vil gje dei 16 tyske regionane lov til å forby dyrking av MON810
Også miljøvernminister Sigmar Gabriel stør utspelet, og meiner Tyskland bør følgje land som Frankrike i denne saka.
http://www.reuters.com/article/environmentNews/idUSTRE51J4XI20090220
Australia: GMO-frie naboar risikerer bøter
Konvensjonelle bønder i Australia kan risikere å betale bøter om det dukkar opp genmodifiserte variantar i åkrane deira. The Network of Concerned Farmers (NCF) har kravd stopp på prøvefelta for genmodifisert canola på grunn av ein kontroversiell kontrakt, som mellom anna gjev Monsanto høve til å gje bøter til dei som uforskyldt vert "smitta" av GMO.
http://www.non-gm-farmers.com/news_details.asp?ID=2962
Pakistan: Vrakar Monsanto for Kina
Pakistanske styresmakter har inngått ein avtale med Kina om genmodifiserte bomullsfrø, utvikla med kinesiske laboratorium. Dermed er det truleg at landet seier opp den ganske dyre avtalen med Monsanto frå i fjor om tilsvarande frø.
Det vert allereie dyrka mykje illegal GM-bomull i Pakistan fordi bøndene smuglar frø frå India. Dette har i følgje Business Recorder ført til redusert kvalitet på bomulla, som bøndene har fått store problem med å selje.
http://www.brecorder.com/index.php?id=898531&currPageNo=1&query=&search=&te=
Afrika: Bill Gates sponsar GMO
The Bill and Melinda Gates Foundation og the Howard G Buffett Foundation donerer 47 millionar dollar til eit forsøk med genmodifisert mais gjennom the African Agricultural Technology Foundation. Det femårige programmet vil skje i Kenya, Tanzania, Sør-Afrika, Mosambik og Uganda.
http://www.theeastafrican.co.ke/news/-/2558/535972/-/rk8kamz/-/index.html
Kenya: GMO-mais på veg
Kenya er det fjerde afrikanske landet som opnar for dyrking og bruk av GMO. President Mwai Kibaki signerte den nye lova 13. februar. Burkina Faso, Egypt og Sør-Afrika har allereie tillete GMO.
http://www.scidev.net/en/news/kenya-approves-gm-after-years-of-delays.html
Mexico: Trugsmål mot lokale maissortar
Stadig fleire forskingsrapportar stadfestar spreiing av genspleisa mais i Mexico.
Ei forskar gruppe leia av Elena Alvarez-Buylla fann Modifiserte gen i ein prosent av 2 000 prøver frå maisfelt i Oaxaca. Genmodifisert mais er svært kontroversielt i Mexico, som framleis har forbod mot all dyrking.
http://www.atl.nu/Article.jsp?article=51820&nyhetsbrev&a=Modifierade%20majs
Vietnam: Satsar på GMO frå 2015
Vietnamesiske bønder vil dyrke GMO om seks år, sa direktør Le Huy Ham ved Agricultural Genetics Institute sa på ein konferanse i Hanoi nyleg. Landet starta eiga forsking på genmodifisert ris, mais og soya i 2006, men lovverket må på plass før vietnamesiske bønder kan ta i bruk genspleisa frø.
http://www.thanhniennews.com/education/?catid=4&newsid=46143
Tyskland: Ohne Gentechnik god PR
Campina, den største meieriprodusenten i Europa, er det første som nyttar høvet til å reklamere for GMO-frie produkt. Sjå
http://www.landliebe.de/ og http://www.landliebe-milchqualitaet.de/
http://db.zs-intern.de/uploads/1236184161-CampinaGEfree.pdf
Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?
Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.
GENNYTT er eit gratis nyheitsbrev om mat og genteknologi, og vert sendt ut to gonger i månaden. Ansvarleg redaktør er Marit Bendz. GENNYTT vert utgjeve av magasinet Ren Mat. Nyheitsbrevet vert finansiert ved kronerulling. Denne utgåva er støtta av Ren Mat.
GENNYTT vert og lagt ut her: www.oikos.no/renmat
Tips, adresseendringar m.m kan du sende til gennytt@oikos.no
|