6. august 2009, årgang 11.
* Stadig fleire ekspertar åtvarer mot GMO fordi ingen veit biverknadene, og industrien hindrar uavhengig forsking. Likevel held vestlege land fram med forsking på GMO under paraplyen u-hjelp
* Stadig meir jordbruksland, mat, dyrefôr og til og med plantejord vert ureina med GMO.
Forskarar knebla av industrien
Det amerikanske vitskapsmagasinet Scientic American er krass i kritikken mot dei store frøselskapa, som nektar vitskapsmenn å publisere uavhengige rapportar om GMO.
Forskarar må spørje selskap som Monsanto om løyve til å gå ut med resultata av uavhengige testar. Denne restriksjonen på fjernast, krev redaktørane på leiarplass.
http://www.scientificamerican.com/article.cfm?id=do-seed-companies-control-g
GMO kan gje ufatteleg krise
To leiande europeiske vitskapsmenn åtvarar særleg India mot å godta genetisk modifisert (GM) korn og mat. Professor i molekylærbiologi Gilles-Eric Seralini ved universitet i Caen og genetikkprofessor Michael Antoniou ved King's College i London seier at desse produkta er avviste i Europa og er blitt dumpa i India av multinasjonale selskap som ikkje kan finne marknad for dei i Europa.
- 99,9 prosent av GMO inneheld giftige plantevernmiddel, og vi veit ikkje verknaden verken på menneskekroppen eller miljøet. Det største problemet er alt hemmeleghaldet, det trengst mange fleire uavhengige testar i høve helse og miljø, seier dei to, som understrekar at vitskapen skal brukast til beste for menneske, ikkje for selskap.
http://www.business-standard.com/india/news/%5Cgm-food-can-causebiggest-heal
Irland: Legar åtvarer mot GMO-mat
The Irish Doctors' Environmental Association (IDEA) ber om moratorium for all GMO-mat straks, skriv det irske legetidsskriftet Irish Medical Times. Ein ny rapport frå the American Academy of Environmental Medicine (AAEM) seier at mat som inneheld GMO utgjer ein alvorleg helsefare, og legar må informere pasientane sine om at dei bør unngå slik mat. Det har dei ein moralsk plikt til, i følgje den irske legeforeininga.
http://www.ideaireland.org/gmfood.htm
Storbritannia: GMO som utviklingshjelp
Britane har i det stille løyvd 100 millionar pund til støtte for GMO til verdas fattige, sjølv om det er forbode å dyrke desse vekstane i Storbritannia. Dei neste fem åra skal pengane nyttast m.a. til forsking på GMO i samarbeid med Syngenta.
http://www.guardian.co.uk/environment/2009/jul/19/gm-crops-aid-uk-funding
Sverige: 4 prosent GMO i polsk maisfôr
Det svenske Jordbruksverket melder Lantmännen for feilmerking etter at vart det avdekka 3,9 prosent GMO i eit parti GMO-fri fôrmais frå Polen. Ureininga av fôret vart oppdaga ved ein rutinekontroll i byrjinga av juli. Lantmännen hadde kjøpt fôret frå eit hollandsk handelshus.
Kring 100 tonn av partiet på totalt 1200 tonn var allereie levert vidare, for det meste til mjølkebønder i Sør-Sverige. Dermed kan Arla ikkje oppfylle garantien om GMO-fri mjølk.
- Vi har aldri hatt problem med denne leverandøren tidlegare, seier Kjell Larsson, fôrtryggleiksansvarleg ved Lantmännen.
- Det nederlandske handelshuset har all dokumentasjonen og vi kan ikkje snoke i kven som er deira leverandørar. Vi veit berre at maisen er dyrka i Polen.
http://www.atl.nu/Article.jsp?article=54704&nyhetsbrev&a=Lantmännen%20åtalsanmäls%20för%20gmo-foder
Sør-Afrika:
Sørafrikanske bønder har tapt millionar av dollar etter at avlingar med 82 000 hektar genmais slo feil. Plantene såg fine ut, med produserte ikkje korn. Monsanto seier det har skjedd ein feil under produksjonen av maisfrøa og har lova å betale erstatning. 280 av tusen bønder opplevde opptil 80 prosent avlingssvikt for tre ulike typar genspleisa mais.
Marian Mayet, direktør for den afrikanske senteret for biotryggleik i Johannesburg, krev forbod mot all GMO, og gjev teknologien til Monsanto skulda.
- Du kan ikkje gjere "feil" med tre ulike maistypar. Monsanto seier dei berre gjorde ein feil i laboratoriet, vi meiner at bioteknologi er ein feil, seier ho.
http://www.digitaljournal.com/article/270101
Afrika: Meir mat, mindre gift
Dr. Daniel Mataruka i African Agricultural Technology Foundation (AATF) påstår likevel på sin blogg at GMO har gjeve høgare maisavlingar i Sør-Afrika (tal frå 2008) og at bønder i Burkina Faso har redusert mengda av pestisid med to tredelar medan avlingane har auka med 15 prosent, takka vere GMO.
http://www.whybiotech.com/?p=915
GMO aukar meir enn økologisk
Genmodifiserte avlingar breier om seg meir enn økologiske. Økologane jubla over 32,3 millionar hektar verda over i 2007, bio-industrien over 114,3. Avlingane av økologisk dyrka mat auka frå 14,8 millioner hektar i 2000, til 32,3 millionar i 2007. På same tid auka GMO-avlingane frå 44,2 til 114,3 millionar hektar, syner tal frå ISAAA. Berre fra 2007 til 2008 auka GMO-areala med nye 10,7 millioner hektar, til 125 millioner hektar verda over.
97 prosent av omsetninga, målt i verdi, skjer i USA og EU.
USA står for nesten halvparten av verdas GMO-avlingar (62,5 millioner hektar). Argentina kjem på andreplass med 21 millionar og Brasil med 15,8 millionar hektar GMO i 2008.
http://www.isaaa.org/resources/publications/briefs/39/executivesummary/defau
USA: Fleire bønder mot straumen
Fleire amerikanske bønder har gått tilbake konvensjonell soya det siste året.
Det er fleire grunnar til at arealet med gmo-fri soya har auka. Bøndene får meir betalt for den GMO-frie soyaen, genmodifisert såkorn er nesten dobbelt så dyrt og prisen på sprøytemiddelet Roundup Herbicide, som vert nytta til GM Roundup Ready, er mangedobla.
I tillegg har mange fått problem med GM-mais som har utvikla resistens mot Roundup.
http://www.non-gmoreport.com/articles/july09/non-gmo_soybean_acreage_increas
EU: Konstant usemje om GMO
Det europeiske mattilsynet EFSA har etter ei ny vurdering at den genmodifiserte maisen MON810, erklært den som "ufarleg for dyre- og folkehelsa og for miljøet". I et skarpt svar til EFSA avviser den franske landbruksministeren og ministeren for miljø og bærekraftig utvikling denne konklusjonen, og krev respekt for vedtaket som er fatta samrøystes i EU av miljøministrane, og som forlangar ei endring og styrking av godkjenningsprosedyrane til EFSA.
I følgje den franske samanslutninga av miljøorganisasjonar, France nature et environnement, er arbeidet til EFSA i strid med alle vitskaplege metodar.
http://www.bizjournals.com/stlouis/stories/2009/07/20/daily49.html
GMO i valkampen
Kampen mot GMO er ein av dei viktigaste sakene til toppkandidat for Miljøpartiet Dei Grøne i Sogn og Fjordane, Unni Underdal. På spørsmål frå NRK Sogn og Fjordane om kva sak som er den viktigaste for ho å kjempe for dei neste fire åra, svarer ho:
- Legge til rette for tilgang på rein mat for alle. Her tenker eg særleg på økologisk mat og kampen mot GMO, noko som er spesielt viktig for utviklingsland.
http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/valg_2009_sogn_og_fj
USA: GMO-frø på ville avvegar
Frø frå genspleisa sukkerroer er funne i jord, som er seld til amerikanske bønder. Produsenten Pro Bark i Oregon har stoppa salet, men veit ikkje kor mykje som allereie er seld.
Ein av naboane til funnstaden for dei genmodifiserte, forvilla sukkerplantane er økobonden Frank Morton. Han har i mange år åtvara mot krysspollinering ved slik uønska GMO i Willamette Valley, som har ein stor produksjon av grønsakfrø.
http://www.gazettetimes.com/articles/2009/05/31/news/top_story/1aaa01_beets0
Denofa: Brasiliansk aksjemajoritet
Den største soyaprodusenten i verda, Amaggi Exportacao e Importacao i Brasil, har kjøpt seg inn i norske Denofa og eig no 51 prosent av aksjane. Denofa importerer gmo-frie soyabønner, i hovudsak frå Brasil, og produserer soyaolje, soyamjøl og lecithin til matvare- og fôrindustrien ved fabrikken i Fredrikstad. Denofa driv også produksjon av rapsolje i Polen
http://www.reuters.com/article/wtUSInvestingNews/idUSN0213354020090803
EU: Lang marsj mot små gen
Marsjen for ei GMO-fri framtid nådde Brüssel for ei veke sia. Kring 3 000 har delteke på den tusen kilometer lange protestspaserturen frå Berlin.
http://www.ifoam-eu.org/
Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?
Tips oss på gennytt@oikos.no
eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.
GENNYTT er eit gratis nyheitsbrev om mat og genteknologi, og vert sendt ut to gonger i månaden. Ansvarleg redaktør er Marit Bendz. GENNYTT vert utgjeve av magasinet Ren Mat.
GENNYTT vert og lagt ut her: www.oikos.no/renmat
Tips, adresseendringar m.m kan du sende til gennytt@oikos.no |