Økologisk hjarteburger lansert i Sykkylven
Denne veka var det lansering av hjarteburgar i Velledalen, Sykkylven kommune. I hjarteburgaren blir det brukt lokalt, økologisk storfekjøt.

Hjarteburger. Foto:Ingrid van der Velde

 

I eit samarbeid med Velledalen i balanse, Tindemat, og Økoløftprosjekt 'Mat frå hjartet' får skuleborna eit varmt måltid ein gong i veka. Fram til no har det allereie vore servert mykje god mat med lokalt økologisk kjøt. Elevane storkoser seg rundt matborda, og gir uttrykk for at dette skulle dei gjerne hatt kvar dag. Etter skulelunsjen har også bygdefolket moglegheit til å kjøpe seg middag på grendehuset.  Ved lansering av hjarteburgaren tok nokre elevar med seg foreldrene sine til kaféen for å kjøpe seg hjarteburgar. Dei meinte at hjarteburgaren var så god, at også foreldrene måtte ha lov til å smake den, noko som førte til at hjarteburgaren vart heilt utsolgt. Tindematprodusent Petter Velle leverte raskt meir økologisk Tindeburger til kjøkkensjefen Marit Hole.

 

 

Hjarteburger servert med potetstappe og salat. Foto: Ingrid van der Velde

 

Økoløft 'Mat frå hjartet' har i eit samarbeid med kjendiskokk Per Lauritz Lien utvikla nye oppskrifter.  Oppskriftene inneheld lokalt, økologisk kjøtt frå Tindemat og hjarteburgaren er ein av desse oppskriftene.

Ein kan jo spørre kvifor det blei ein hjarteburgar, men det er ganske enkelt å forklare. Sykkylven kommune er hjartet av Sunnmøre og Tindemat produserer 'Mat frå hjartet' - derfor vart det hjarteburgar.

Sykkylven kommune, hjartet av Sunnmøre. Foto:Ingrid van der Velde



Publisert: 04.06.2010  |  Sist oppdatert: 04.06.2010


Skriv ut '' Økologisk hjarteburger lansert i Sykkylven ''


                                                      Bli medlemEu økologisk logo Bli medlem

  Økomoteshow

                                                        

 Eu økologisk logo litenEu økologisk logo liten

Eu økologisk logoEu økologisk logo

Eu økologisk logo  

 

Hva skjer? 4. september
Økologisk markedet på Nytorget i Stavanger

6. september
Fagdag om økologisk melkeproduksjon, Bygdø Kongsgård, Oslo

8. september
Kurs: etablering og drift av økologisk kjøkkenhage
Sted: Nordre Braathu, Braathugrenda 100, Dilling i Østfold. Kurset fortsetter 13.april, 18.mai og 8.juni 2011.

8.-9. september
Landsstyremøte i Oikos

5. september
Økologisk dag
Økologisk festdag på Norsk Folkemuseum

18. – 20. oktober
Kurs for veiledere med Prof. Elaine Ingham

21.-22. oktober
Kurs for kompostører med prof. Elaine Ingham

23.-24.okt
Oikos' høstseminar inkl. samling for tillitsvalgte
Hver høst arrangerer Oikos - Økologisk Norge et seminar med aktuelt tema som er for våre tillitsvalgte og andre interesserte. Sett av helgen 23.-24.okt - program kommer snart!

 
Oikos - Grensen 9b, 0159 Oslo - Tlf. 23 10 96 40, Faks 23 10 96 41 - info@oikos.no - www.oikos.no - Org.nr. 982 512 069 MVA