Festivalprosjektet i Oikos
Oikos har sidan 2003 samarbeidd med mellom anna Øyafestivalen, Tromsø Internasjonale Filmfestival, The Oakley Arctic Challenge, Oslo Miljøfestival og Helgeland Matfestival om å profilere økologisk mat på større arrangement.

Koplinga mellom kulturarrangement og servering av økologisk mat vert gjennomgåande positivt motteke av festivaldeltakarar. Arrangørane får mykje god presse, og med mange gode historier rundt leverandørar av økologisk mat, festivaldeltakarar og utøvarar/artistar i presse, får ein eit større fokus på økologisk mat. Oikos opplev eit sterkt engasjement knytt til økologisk mat hjå nye grupper og kommersielle aktørar under arrangement. Sjølv er vi godt nøgde både med at volumet av økomat har blitt så høgt, og at talet på festivalar som no bruker økomat har blitt så stort. Vi trur at å servere økologisk mat på festivalar og større arrangement er med på å påverke forbruksmønsteret til festivaldeltakarane. Å nå dei unge konsumentane bidrar til å auke forbruket av økologisk mat på lengre sikt.

 

På same måte er det med koplinga mellom sportsarrangement og servering av økologisk mat. Gjennom The Oakley Arctic Challenge og prosjektet Økojam har Terje Håkonsen vore ein eksponent for dette. I 2008 var det kun to idrettsarrangørar som Oikos var i kontakt med som satsa på økologisk mat. Dette er eit område det bør arbeidast meir med.

 

I 2008 har Oikos samarbeidd med Miljøagentene med informasjon om økologisk mat og landbruk på arrangement for born. Dette vil vi fortsette å gjere, då born har eit stort engasjement knytt til dette området.

 

Profileringa og synleggjeringa av økologisk mat har etter vår erfaring verknad både på festivalpublikum, artistar og andre. Også kommersielle aktørar, som restaurantar, grossistar og leverandørar som er med på slike arrangement, vert medvitne det positive ved å bruke økovarer. Fleire av desse satsar meir på økologisk mat i si daglege drift etter erfaringane med økologiske råvarer på arrangement.

 

Festivalprosjektet i Oikos kan ein seie består av tre delar; rådgiving, haldningsarbeid og leverandørutvikling.

 

Oikos rådgjev arrangørar på innkjøp, vareutval, menytilpassing og anna i forkant av arrangementet. Haldningsarbeidet går mellom anna ut på opplæring og kunnskapsformidling. Ein søkjer å informere alle involverte partar i organisasjonane om økologisk matog landbruk. I tillegg prøver Oikos å vere til stades på så mange arrangement som mogleg der det vert servert økologisk mat. Her informerer Oikos om økologisk mat og landbruk, og arrangerer økoquiz, smakstesting og anna. Den siste delen av festivalprosjektet går på leverandørutvikling. Under dette er produsentkartlegginga, og samarbeid med leverandørar på marknad og produktutvikling. 

 

Oversikt over festivalar


Skriv ut '' Festivalprosjektet i Oikos ''


                                                      Bli medlemEu økologisk logo Bli medlem

  Økomoteshow

                                                        

 Eu økologisk logo litenEu økologisk logo liten

Eu økologisk logoEu økologisk logo

Eu økologisk logo  

 

Hva skjer? 4. september
Økologisk markedet på Nytorget i Stavanger

6. september
Fagdag om økologisk melkeproduksjon, Bygdø Kongsgård, Oslo

8. september
Kurs: etablering og drift av økologisk kjøkkenhage
Sted: Nordre Braathu, Braathugrenda 100, Dilling i Østfold. Kurset fortsetter 13.april, 18.mai og 8.juni 2011.

8.-9. september
Landsstyremøte i Oikos

5. september
Økologisk dag
Økologisk festdag på Norsk Folkemuseum

18. – 20. oktober
Kurs for veiledere med Prof. Elaine Ingham

21.-22. oktober
Kurs for kompostører med prof. Elaine Ingham

23.-24.okt
Oikos' høstseminar inkl. samling for tillitsvalgte
Hver høst arrangerer Oikos - Økologisk Norge et seminar med aktuelt tema som er for våre tillitsvalgte og andre interesserte. Sett av helgen 23.-24.okt - program kommer snart!

 
Oikos - Grensen 9b, 0159 Oslo - Tlf. 23 10 96 40, Faks 23 10 96 41 - info@oikos.no - www.oikos.no - Org.nr. 982 512 069 MVA