Korleis organisere matservering?
Det finst ulike måtar å organisere matservering på eit arrangement. Under vil Oikos skissere opp nokre ulike måtar ein løyser dette, med tanke på eiga matservering, innleiging av cateringselskap, eigne kokkar og liknande.

I god tid før arrangementet bør ein bestemme seg for: (frå Miljøhåndboken)

-
Kven vil ein servere mat til? (eigne frivillige, publikum, artistar) Lag eit oversyn over kor mykje mat de treng.
- Kven skal lage maten? (sjå under for ulike måtar å løyse dette på)
- Kven skal kjøpe inn råvarene? Skal ein person stå ansvarleg for alt innkjøp? Større volum gir større moglegheit til å forhandle på pris.
- Skal maten ø-merkast? Kontakt i så fall Debio, http://www.debio.no/



ULIKE MODELLAR FOR MATSERVERING:


Organisere matservering sjølv
Eit alternativ for deg som arrangør er å få frivillige til å lage mat til dei som deltar på arrangementet, evt kun til dei som jobber på arrangementet. Det er langt billegare å organisere matservering til frivillige sjølv, enn å kjøpe inn denne tenesten. Dette gir ein også betre kontroll og oversyn over forbruket ein har internt.


Leige inn cateringselskap
Vil du ha økologisk catering, kan det vere ei utfordring. Det er ikkje mange cateringselskap som driv med økologisk catering. For å kunne kalle seg eit økologisk cateringselskap, må ein vere godkjent av Debio.
Det går også an å be eit cateringselskap om å kun bruke økologiske råvarer. Du kan då sjølv kontrollere at det er brukt ved å be om kvitteringar frå innkjøpa.


Leige inn kokkar og sjølv stå for innkjøp
Det finst mange gode kokkar rundt om i landet. Ei mogleg løysing på matserveringa, kan vere å leige inn ein kokk som gjer arbeidet med å lage maten, men at de sjølv bestiller inn råvarene. Då har ein godt oversyn over kvar maten kjem frå.


Skriv ut '' Korleis organisere matservering? ''


                                                      Bli medlemEu økologisk logo Bli medlem

  Økomoteshow

                                                        

 Eu økologisk logo litenEu økologisk logo liten

Eu økologisk logoEu økologisk logo

Eu økologisk logo  

 

Hva skjer? 8. september
Kurs: etablering og drift av økologisk kjøkkenhage
Sted: Nordre Braathu, Braathugrenda 100, Dilling i Østfold. Kurset fortsetter 13.april, 18.mai og 8.juni 2011.

8.-9. september
Landsstyremøte i Oikos

10. september
Fagdag hos Olav Jønsi - Økologisk og biodynamisk fruktdyrking

5. september
Økologisk dag
Økologisk festdag på Norsk Folkemuseum

18. – 20. oktober
Kurs for veiledere med Prof. Elaine Ingham

21.-22. oktober
Kurs for kompostører med prof. Elaine Ingham

23.-24.okt
Oikos' høstseminar inkl. samling for tillitsvalgte
Hver høst arrangerer Oikos - Økologisk Norge et seminar med aktuelt tema som er for våre tillitsvalgte og andre interesserte. Sett av helgen 23.-24.okt - program kommer snart!

 
Oikos - Grensen 9b, 0159 Oslo - Tlf. 23 10 96 40, Faks 23 10 96 41 - info@oikos.no - www.oikos.no - Org.nr. 982 512 069 MVA