21. mars 2010, årgang 12.
* Den genmodifiserte poteten Amflora er godkjent for dyrking i EU. Dette kan vere starten på eit auka press for dyrking av ulike GMO-ar til biodrivstoff og anna industri i Noreg.
* Fiasko for genmodifisert bomull, men suksess for ikkjemodifisert soya i India
* Sveits og Bulgaria forlengar forbodet mot GMO
EU: Fritt fram for genmodifisert potet
For første gong på 12 år har EU godkjent dyrking av ein genmodifisert plante. GM-poteten Amflora frå kjemiselskapet BASF er minst like kontroversiell som maisen MON810, sia den inneheld eit gen som er resistent mot antibiotika. EU-kommisjonen, med president Barroso i spissen "har knust moratoriet frå 1998", skriv journalist Hervé Kempf i le Monde. I følgje Kempf er avgjerda teken utan at kommissærane har diskutert saka i fellesmøte.
Det faglege grunnlaget for avgjerda frå mattilsynet i EU, vart kritisert av Ministerrådet i 2008 fordi ein bør ikkje nytte antibiotikaresistente gen i vekstar.
Samstundes som Amflora vart godkjent, fekk tre andre genmodifiserte maistypar grønt lys frå EU-kommisjonen, vel og merke ikkje for dyrking, berre sal.
Amflora inneheld mykje stivelse, og kan berre dyrkast for industrielt bruk og til dyrefôr, ikkje som mat for menneskje. BASF er den leiande kjemikalieprodusenten i verda, og har hovudkvarteret sitt i Ludwigshafen i Tyskland.
http://www.spiegel.de/international/europe/0,1518,681507,00.html
EU-kommisjonen har med dette ignorert at 60 prosent av EU-borgarane ynskjer fleire fakta før ein byrjar dyrke plantar som kan skade helse og miljø, skriv Friends of earth. GMO-motstandarar er allereie i gang med å samle underskrifter mot vedtaket.
http://www.avaaz.org/en/eu_health_and_biodiversity/98.php?CLICK_TF_TRACK
Potet og drivstoff - pådrivar for GMO?
Teknologirådet har nyleg oversendt eit innspel til Stortinget om Genmodifisert mat og landbruk - utvikling og utfordringar. Her peikar rådet på at nye plantevariantar til mellom anna biodrivstoff, kan utløyse vinstar også her i landet og skape auka politisk interesse og påtrykk.
Nye generasjonar GM-plantar og produkt vil stille Noreg overfor vanskelege politiske vegval. Hittil har norske styresmakter komfortabelt ført ei restriktiv line i forvissing om at skepsisen rår også i resten av Europa. I framtida kan vi oppleve at interessene spriker meir, og at det oppstår ein kostnad også ved å vere utan GMO, skriv rådet.
- Dette kan føre politikken til eit vippepunkt, seier prosjektleiar Jon Magnar Haugen.
Sameksistens er eit avgjerande dilemma; let det seg gjere å opne for å dyrke GMO utan samstundes å svekke fridomen til andre bønder? Alternativet kan vere å konsolidere Noreg som GMO-fritt og marknadsføre dette som ein føremon.
GMO-ar i framtida kan vere skreddarsydde for industrielle føremål som drivstoff, fiber og medisin. Eit aktuelt døme potetsorten, Amflora, som allereie har vekka stor interesse i Sverige.
- For mange gjer det stor skilnad om maten stammar frå GMO eller ikkje. I marknadene for biodrivstoff og andre industriprodukt er ikkje denne skilnaden like vesentleg. Om slike plantar vil få tilgang til norske åkrar er likevel eit anna spørsmål, presiserer Haugen.
http://www.teknologiradet.no/FullStory.aspx?m=235
Bioteknologinemnda etterlyser fakta
Monsanto har søkt om godkjenning av den genmodifiserte soyahybriden MON 87707 x MON 89788 til import, prosessering, mat og fôr i EU/EØS. Soyahybriden tåler sprøytemiddel med glyfosat og er motstandsdyktig mot skadeinsekt. For å vurdere bærekraft og etiske tilhøve, ynskjer Bioteknologinemnda opplysningar om mellom anna endring i sprøytemiddelbruk, resistens hos skadeinsekt og følgjer for det biologiske mangfaldet i landa der soyaen vert dyrka.
http://www.bion.no/uttalelser/2010_03_02_H%F8ringssvar%20MON87701xMON89788.p
India: Fiasko for genmodifisert bomull
Monsanto innrømmer no at skadeinsektet pink bullworm har utvikla resistens mot den genmodifiserte bomullsplanten som er innført i stor skala i India. Dette er hovudfienden til indiske bomullsbønder.
http://www.business-standard.com/india/news/setback-for-bt-cotton-main-pest-
India: Suksess for ikkjemodifisert soya
- Ettersom stadig meir av av soyaen frå Brasil og Argentina er genmodifisert, kan India bli ein leiande eksportør av matvarer som ikkje er genmodifiserte, meiner Girish Matlani, administrerande direktør i Sonic Biochem, Indias største eksportør av soyaprodukt. Landet har allereie seld kring 23.000 tonn dyrefôr til EU sia oktober.
Matlani trur eksporten vil nå 3 millionar tonn dei neste tre åra.
http://in.reuters.com/article/economicNews/idINIndia-46402020100223
Kina: Stor nettdebatt om GMO
Medan Google trekker seg ut av Kina, går nettdiskusjonen heftig på nettet om GMO.
I haust godkjente kinesiske styresmakter to genmodifiserte rissortar og ein genmodifisert maissort.
- Vi har heilt ureflektert starta storskaladyrking av genmodifisert ris, åtvarer Zheng Fengtian, ass.dir. ved Institutt for utvikling av landbruk og landsbygd ved Folkets universitet i Beijing. Andre forskarar er redde for helsekonsekvensane på sikt
og at kinesisk matproduksjon kan bli styrt av USA og andre vestlege land.
http://www.courrierinternational.com/article/2010/03/11/en-chine-le-riz-ogm-
Sveits: Forlenga moratorium
Den sveitsiske nasjonalforsamlinga har forlenga det mellombelse forbodet mot dyrking av genmodifiserte plantar med tre år, fram til 2013. Det første moratoriet vart vedteke i 2005, og sveitsarane meiner at det ikkje eksisterer nokon presserande grunn til å opne for dyrking av GM-plantar no.
http://www.actualites-news-environnement.com/23125-Suisse-dit-non-OGM.html
Bulgaria: Samrøystes forbod mot GMO
Ganske overraskande røysta ikkje ein einaste av parlamentsmedlemmene for oppheving av forbodet mot genmodifiserte plantar sist torsdag. 168 røysta mot, og dermed vert forbodet oppretthalde.
Avgjera kom etter at det regjerande partiet GERB nyleg skifta meining og droppa støtta si til eit nytt lovforslag. Det har også vore store demonstrasjonar mot GMO dei siste månadene.
http://www.sofiaecho.com/2010/03/18/875437_bulgaria-maintains-ban-on-gm-crop
USA: GMO-selskap må betale igjen
CropScience LP er i Woodruff County Circuit dømd til å betale ein bonde i Arkansas over ein million dollar i kompensasjon og oppreising. Risbonden Lenny Joe Kyle har hatt vedvarande tap på grunn av ureining av genmodifisert ris i avlinga si. Dette er den tredje dommen mot Bayer, men den første der selskapet må betale oppreising i tillegg til kompensasjon.
Samarbeidspartnaren til Bayer, Riceland Foods med base i Stuttgart, vart og saksøkt for å ha halde tilbake informasjon om ureining, men vart ikkje funne skuldig i skadeverk. Ytterligare tre saker skal for retten seinare i år.
http://www.allbusiness.com/legal/torts-damages/14079681-1.html
Brasil: Biotryggleik i tvilsame hender
Edilson Paiva er peika ut til å leie den nasjonale kommisjonen for biotryggleik dei neste to åra. Han har tidlegare promotert GMO ved mellom anna å påstå at folk kan drikke plantevernmiddelet som vert nytta på Monsantos GM-soya, han er i mot merking av matvarer, og hevdar at planting av lokale variantar av mais er ei form for biopiratverksemd.
Koordinator for kommisjonen er dessutan sikta for miljøkriminalitet.
http://www.aspta.org.br/por-um-brasil-livre-de-transgenicos/updates/update-m
Australia: Bill Gates' genbananar mot svolt i Afrika
Den første innhaustinga av genmodifiserte bananar i Australia er plukka sør for Cairns. Bananane er del av eit prosjekt ved Queensland University of Technology, der auka næringsinnhald i bananar skal bøte på underernæring i Afrika, særleg i Uganda, der bananar er det viktigaste næringsmiddelet. Professor og prosjektleiar James Dale, seier til ABC News at dei første testresultata av Cavendish-bananane var lovande.
- Vi konsentrerer oss no om minst éin av genkombinasjonane, som fungerer veldig bra for pro-vitamin A, seier professoren, som ser auka jerninnhald i bananar som neste utfordring. han understrekar ar kultivert banan som regel spreier seg frå avleggjarar, det betyr at risikoen for spreiing er svært låg. Prosjektet er finansiert av Bill og Melinda Gates Foundation.
http://www.ausfoodnews.com.au/2010/03/18/gm-bananas-first-harvest-shows-prom
Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?
Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.
GENNYTT er eit gratis nyheitsbrev om mat og genteknologi, og vert sendt ut to gonger i månaden. Ansvarleg redaktør er Marit Bendz. GENNYTT vert utgjeve av magasinet Ren Mat.
GENNYTT vert og lagt ut her: www.oikos.no/renmat
Tips, adresseendringar m.m kan du sende til https://post.oikos.no/squirrelmail/src/compose.php?send_to=gennytt%40oikos.no |