Nytt Oikos-lag i Møre og Romsdal
Ungt engasjement
Laurdag førre veke vart alle Oikos-medlemer i Møre og Romsdal invitert til oppstartsmøte for eit nytt fylkeslag på Tingvoll gard på Bioforsk Økologisk. Det var sju stykk som til saman danna styret i Oikos Møre og Romsdal, med den 37-år gamle familiefaren Jim Mandal (på bilete), busett på Halsa, som nyvald styreleiar. - Vi har fått eit styre som, gledelig nok, består av eindel unge folk med mykje engasjement, i tillegg til at vi har med oss eit par "gamle ringrevar", seier Mandal nøgd.
Mangfaldig agenda
Oikos Møre og Romsdal har tenkt å fokusere på verving av nye medlemer, barn og unge, bevisstgjøring, og å samle og informere om økologiske butikkar/føretak, seier Mandal. -Høgt oppe og langt framme henger kanskje ein Berekraft/Økofestival. Kurs og seminar av ulike slag står også på det nyoppretta laget sin langsiktige agenda. - Vi vil også til livs den myta om at det ikkje "går an" å dyrke grønnsaker i Møre og Romsdal, seier den nyvalde styreleiaren.
Oikos avhengig av et rikt organisasjonsliv
Den engasjerte medlemsmassen i Oikos-laga bidreg med viktig kompetanse, frivillig innsats og dugnadsånd. Oikos er avhengig av eit rikt og variert organisasjonsliv, i distrikta så vel som i byane.
Styret i Oikos Møre og Romsdal
Leiar: Jim Mandal, Halsa
Nestleiar: Kristian Ormset, Aure
Styremedlem: Årolilja Jørgensrud, Tingvoll
Styremedlem: Joshua Cabell, Tingvoll
Styremedlem: Ane Marit Willmann, Meisingset
1.vara: Grete Lene Serikstad, Tingvoll
2.vara: Nils Sigurd Drabløs, Straumgjerde
Held du til i Møre og Romsdal og ønskjer kontakt med det nye laget? Ta kontakt med Jim Mandal på mandal.jim@gmail.com