Magasinet Ren Mat

Bli med i Oikos

Kvifor skal eg som produsent bli medlem i Oikos? Oikos - Økologiske Norge er den einaste organisasjonen i Noreg som jobbar målretta for eit meir økologisk landbruk og ein meir økologisk marknad. For berre ei krone dagen kan du vere med å støtte fremjinga av økologien.

 

Oikos - Økologisk Norge ønskjer i enda større grad å være en viktig organisasjon for bønder, og vi vil ha deg med for å forme den utviklinga.
 
Verdas landbruk og matproduksjon står overfor store utfordringar når det gjeld matsikkerheit, ressursbruk, miljø og klima. På same tid står du som bonde overfor utfordringar knytt til avsetjing av produksjonen, tilgong på fôr og andre driftsmidler, og regelverk. For å kunne styrke arbeidet og betre vilkåra for økologiske produsentar er Oikos avhengig av støtte frå medlemmar. Slik får vi sterkare gjennomslagskraft politisk og i det øvrige samfunnet.
 
Oikos er den viktigste organisasjonen for økoutvikling i Norge! Jeg er medlem fordi jeg synes jeg får MYE igjen for pengene, for eksempel Ren Mat som er det mest inspirerende norske økomagasinet!” Lars Østring, økobonde på Brattlia Økogård i Namdalseid.
 
Som medlem har du fleire fordelar. Dette er nokre av dei:

  • Du kan bruke Oikos som ein sparringspartnar og ein diskusjonspartnar, og få støtte i enkeltsakar. Vi svarer på både e-post og telefon, og tek gjerne ein diskusjon.
  • Du får jamlege tilbod om fagseminar, møter og kurs til medlemspris, både lokalt og nasjonalt. Lokalmatseminar i Oslo, Bergen, Stavanger og Tromsø er eitt døme.
  • Du kan delta som økobonde i butikk (Økodemo), arrangere Økologisk gårdsmarked m.m
  • Du kan vera med i eit sosialt og fagleg fellesskap, blant anna på Landsmøtet på vårparten og samling for tillitsvalte og øvrige medlemmar på hausten
  • Du kan gje oss råd og innspel til jordbruksforhandlingane og anna politisk arbeid
  • Du får magasinet Ren Mat sendt heim til deg i posten fem gonger i året


Mest av alt støtter du Oikos sin moglegheit for kontinuerlig betring og utviding av arbeidet for eit meir helsefremjande og miljøvennleg landbruk.
 

Jeg er medlem fordi Oikos er en aktiv og spenstig organisasjon som ivaretar medlemmene godt på alle plan, og jobber målrettet med informasjon for løfte fram økologien, fra grasrot til forbruker, og internasjonalt”. Merete Støvring, økobonde på Fogdegården Borten i Melhus.

Vil du vite meir om kva Oikos tilbyr sine medlemmar? Les her og kontakt oss på info@oikos.no/24 12 41 00. Vil du bli medlem? Klikk her. Velkomen som medlem!

 

 

 

Kommentarer:

Annonsører

Samarbeidspartnere