Kommentar til rapport om næring i økologisk mat

Ei ny undersøking frå Stanford universitet i USA visar at det ikkje fins sterke bevis for at økologisk mat inneheld fleire nyttige stoff, som for eksempel vitaminer, enn konvensjonell mat. Rapporten anbefaler samtidig økologisk mat for alle som vil unngå rester av kjemiske sprøytemidler og antibiotikaresistente bakterier.

 

Undersøkinga fokuserar mest på å prøve å samanlikne helsefordelar mellom økologisk og konvensjonell mat. Rapporten utelét andre fordelar med økologisk mat som for eksempel at den vert produsert utan kjemiske sprøytemidler, med betydeleg betre dyrevelferd og berre tillét ein brøkdel av alle dei tilsettingsstoffa som er tilletne i konvensjonell mat, for å nemne noko. Dette i følge ein kommentar av KRAV i Sverige.

 

Forskarane har undersøkt 240 ulike studier. Fleire av studiene visar at økologisk mat inneheld vesentleg mindre kjemiske sprøytemidler. To av studiene viser dessutan at barn som ét mykje økologisk mat hadde mindre kjemiske sprøytemiddel i sin urin enn dei som hadde ete konvensjonell mat.

 

Stanford-undersøkinga er stort sett basert på amerikansk forsking og er difor vanskeleg å nytte for europeiske forhold. Den viser først og fremst at det er svært vanskeleg å måle og vitenskapeleg dokumentere helsefordeler for ein type mat framfor ein annan.

 

- Det føreligg lite god forsking knytt til økologisk mat og helsefordeler. Difor er det ikkje overraskande at forfattarane ikkje finn særleg bevis for at økologisk mat er sunnare, seier Kari Tande Hansen, ernæringsfysiolog i Oikos. Ein stor europeisk studie om økologisk mat og næringinnhald, QLIF, fann likevel at økologisk mat hadde høgare innhald av ein del vitaminar, antioksidantar og omega-3-fettsyrer. Denne studien er ikkje inkludert i undersøkinga frå USA.

 

Nyleg er det vist at antibiotikaresistens er eit aukande problem i Noreg. Den amerikanske undersøkinga viser at det er mindre problem med antibiotikaresistens i kjøt frå økologiske kyllingar og gris.

 

Les Oikos' kommentar til antibiotikaproblematikken her.

Les heile kommentareren til KRAV her.

 

Lenke til undersøkelsen: http://annals.org/article.aspx?articleid=1355685

Kilde: Annals of Internal Medicine. Crystal Smith-Spangler m.fl. (2012). Are Organic Foods Safer or Healthier Than Conventional Alternatives?: A Systematic Review.

Annonsører

Samarbeidspartnere