Noma kåra til beste restaurant i verda

Det er tredje året på rad at Noma i København går til topps. Den økologiske, danske restauranten stakk av med tittelen «beste restauranten i verda» under den internasjonale kåringa i London i mai.

Tidlegare i år fekk den norske restauranten Maaemo i Oslo to Michelin-stjerner. Kokkane på Maaemo fortel at dei har latt seg inspirere av Noma, og begge er kjende for sitt nordiske kjøkken og vekt på økologiske råvarer.

 

Øverste bilde viser ein av dei nordiske rettane hos Noma tatt av tripadvisor.com, under ser du beliggenheten.

 

 Noma restaurant i København

 

Mandag vart det klart at Noma er den beste restauranten i verda, då «Restaurant magazine» organiserte den årlege kåringa av verdas 50 beste restaurantar. Med å vinne denne prisen, danka danskane ut 49 av dei best rennomerte restaurantane over heile kloden.

 

– Berre forrettane åleine er verdt besøket til Noma, lidenskapen for mat blir reflektert i kvar einaste bit, var programleiaren si overdådige skildring av maten då Noma fekk utdelt prisen i kveld, skriv nrk.no

Noma er den første restauranten etter den nedlagde spanske gourmetrestauranten El Bulli som har vunne konkurransen tre år på rad.

 

Les heile saka her

 

Her er heimesida til Noma

 

Annonsører

Samarbeidspartnere