Bønder i by`n?

    Urbanisering, matproduksjon og mennesket sitt forhold til natur var tema for seminaret i Trondheim 23.mars 2012.

    Tekst Helene Austvoll

    Urbanisering er eit utbredt fenomen i heile verda, og stadig fleire menneske blir dermed avhengig av matproduksjon andre stader. Kva gjer dette med relasjonen mellom menneske og natur? Kan me motvirke denne trenden gjennom å dyrke meir i byen? Korleis skal dette løysast i praksis?

    Med denne innleiinga inviterte Oikos, i samarbeid med NTNU og BoBY-foreninga til seminar om urbant landbruk, ”Bønder i by`n?” fredag 23.mars 2012. Med panoramautsikt over Trondheim frå Lian restaurant og nydelig mat var det god lyd i dei rundt 70 menneska som hadde funne vegen opp til Lian. Det var ein inspirerande start på helga, som for mange av deltakarane skulle fyllast av faglege og organisasjonsmessige diskusjonar på Oikos´ Landsmøte 2012.

     

    Djupøkologiske tankestreif

    Ramma for dagen vart satt av økofilosofen Per Ingvar Haukeland med nokre djupøkologiske tankestreif. Djupøkologien stiller spørsmål rundt forholdet mellom menneske og natur og er kritisk til utviklinga mot ”forbrukaregoets tidsalder”. Kva gjer reklamer som ”må ha det bare må ha det” med oss? Og kva konsekvenser har den aukande avstanden mellom landbruket og byen, natur og menneske? Korleis kan me leve eit rikt liv på enkle midler, slik økofilosofen Arne Næss snakka om?

     

    Nærleik og kjærleik til natur og kultur, for eigen og andre levande vesen sin livskvalitet, er noko av bodskapen i djupøkologien. Trass i namnet kan djupøkologi opplevas som svevande, men då Haukeland trakk inn Gandhi sitt utsegn ”Vær den forandring du søker”, og viste til fleire byøkologiske initiativ for å fremje kultur-naturnærvær, vart det ikkje vanskelig  å forstå heilskapen i det. Haukeland gav oss ei påminning om kva det heile eigentleg handlar om og kvifor me ønskjer og treng endring.

     

    Sjå heile presentasjonen til Per Ingvar


    Me er alle bønder

    Djupøkologien vart raskt satt i praksis då Noregs framste ekspert på andelslandbruk, Jolien Perotti, kom ut på golvet. Andelslandbruk definerast som ein avtale og eit partnarskap mellom produsent og forbrukar. Avling og risiko delast, det er openheit rundt økonomien og dialog om produksjon, kvalitet og pris. Og ikkje minst, økologiske grønsaker til folket!

    Andelslandbruk gjev nytt liv til landbruket, og knyter band mellom produksjonen og marknaden. Ved å vere andelseigar i ein andelsgård kan me alle vere bønder, og dele på ansvaret for maten som til sjuande og sist hamner på våre bord.


    Sjå heile presentasjon til Jolien


    Bærekraftige liv på Landås

    Først når noen klarer å beskrive et miljøvennlig samfunn som vi gleder oss til å leve i, kommer ting til å skje - og da kan det skje fort. (Jon Bing)


    Og det er det som har skjedd i bydelen Landås i Bergen. Agnes Tvinnereim fortalde at etter fleire år med ein tanke om at noko måtte gjerast, vart dette “noko” sett ut i livet, og har no blitt eit stort initiativ som fleire andre bydelar i Bergen ønskjer å kopiere. Bærekraftige liv på Landås har gjort protest om til fest, og samlar innbyggarane til kunnskapsmøter, til vedhogst, vårpuss på sykkelen, kjøkkenhagekurs, hausttakkefest og andre sosiale “happenings”.

    Handler vi bare som individer blir det for smått. Handler vi som lokalsamfunn, kan det kanskje være akkurat nok, akkurat i tide!

    For heile presentasjonen til Agnes, send mail til helene@oikos.no


    Frå industritomt til blomstrande Prags have

    Det var ikkje mangel på inspirasjon og engasjement etter tre spennande innlegg, og meir skulle det bli. Siste innlegg før lunsj viste korleis livlause byrom kan forvandlast til levande og blomstrande rom for fellesskapet. Kasper Kjeldgaard og Nina Wöhlk frå Danmark fortalde om prosjektet dei har kalla Prags have.


    Då Prags have vart starta i mai 2011 hadde dei eit ønskje å bli ein modell og eit urbant eksperiment for eit bærekraftig levesett, estetisk utnytting av eit tomrom og skape ein annleis måte å møte kvarandre på i bydelen. Dei viste flotte bilete frå sesongane i Prags have, frå såing og planting til matauke og nydelige måltid – midt i byen!

     

    Finn Prags have på facebook

     

    Frå ord til handling

    Etter ein times lunsj, med økologiske og lokale råvarer og gode samtalar, var det tid for handling. Deltakarane fordelte seg nokon lunde likt på dei tre ulike workshopene:


    A – Andelslandbruk på Melhus, v/Jolien Perotti

    B – System for matforsyning i miljø- bydelen på Brøset, v/Joshua Cabell MsC Agroecology

    C – Hagen som utgangspunkt for medverknad, v/Eli Hatleskog NTNU


    Kva skal til for å starte andelslandbruk i Trondheim og korleis kan det sjå ut? Korleis kan lokal matproduksjon og distribusjon organiserast i bydelen Brøset og kva kan det bety for reduksjon av klimagassar? Med ein hage som utgangspunkt, korleis kan Brøset-prosjektet organiserast på best mogleg måte for å nå dei ambisiøse måla for bydelen?

    Dette var noko av det som vart diskutert på dei ulike gruppene, og resultatet var konkrete innspel til både Brøset-prosjektet og til oppretting av andelslandbruk i Trondheim. I tillegg til ny kunnskap og inspirasjon er, kan hende, noko av det viktigaste på slike seminar å treffe likesinna og å oppretthalde og skape nye nettverk.


    Sjå heile programmet (word) 

     

    Annonsører

    Samarbeidspartnere