Seminar 15.mars: Eit nyskapande landbruk

    Korleis kan landbruket møte utfordringar innan klima, miljø og helse, og samtidig vera ein attraktiv leveveg i eit moderne samfunn? Velkomen til seminar i Aurland 15.mars klokka 10.00-17.00!

    Påmelding her! Last ned programplakaten her!

    Ordstyrar: Regine Andersen, dagleg leiar i Oikos - Økologisk Norge

    10.00-10.15         Velkomen
    10.15-12.15         Samtaler om eit landbruk med meining, om framtida som bonde, rekruttering,   utdanning og det globale i det lokale

    Aksel Nærstad, jobbar i Utviklingsfondet, er forfattar av fleire bøker bla. Den unødvendige sulten, 2012.
    Er oppteken av optimal, framføre maksimal produksjon og har eit globalt perspektiv på landbruket.

    Ida Østvold
    , tidligare elev ved SJH, leiger småbruket Leine i Valdres
    Har mange idear og tankar om landbruket som framtidig leveveg

    Ole-Jacob Christensen
    , økologisk bonde i Valdres, tilknytt Bonde- og småbrukarlaget.
    Er oppteken av å bruke lokale ressursar og ser verda både får det globale og det nære og lokale

    Olav Arnar Bø
    , tidlegare rektor på SJH, involvert i bygdeutvikling og har ein gard i Vik.
    Jobbar for tida med å etablere eit økologisk slakteri, og har fleire tankar om eit landbruk med meining.

    12.15-13.15         LUNSJ

    13.00-14.00 Løysingar for eit moderne landbruk og samfunn

    Andelslandbruket – innovative løysingar for produksjon og sal
    Anja Bruland, dagleg leiar ved Øverland andelsgard
    Erfaringar frå Sveits og Noreg
    Regine Andersen, dagleg leiar i Oikos - Økologisk Norge


    14.00-14.15        PAUSE

    14.15-16.00        Oslo Kooperativ v/Idun Bjerkvik Leinaas
    Hurdal økolandsby v/Simen Torp, ti økolandsbyar på ti år


    16.00-16.30        PAUSE

    16.30-17.00        Bonusforedrag - Ein dyrevennleg veg til middagsbordet. Presentasjon av mobilslakt    v/Torill Malmstrøm

    16.20-17.00        Diskusjon om løysingar for framtidas landbruk

    Aurlandsseminaret 16.-17. mars 2013, Aurland


    Kom til Sogn Jord og Hagebruksskule denne helga og møt over 70 miljø- og matinteresserte frå heile landet. Vi trur at nordmenn ynskjer meir påverknad på kva vi et, enten vi er bønder eller forbrukarar. Difor samlast vi for å lære, jobbe og diskutere samtidig, om det vi brenn mest for: berekraftig, norsk mat. Vi gjentek suksessen frå i fjor - denne gongen med eit praktisk retta og enda meir spanande program.

    Laurdag kan du velje mellom ei rekke kurs: Ysting, kompost, garving av skinn, partering av kje, permakultur med Marianne Leisner, med meir.
    Det blir kokkekurs med Hanne Frosta, Bergens-kokken som tek i bruk nordiske og lokale råvarer. Kurset munnar ut i ein herleg festmiddag. Måltidet deler vi med Oikos - Økologisk Norge, som har sitt landsmøte i Aurland same helg.
    I tillegg blir det ulike foredrag/debatt/verkstadar som fokuserer på framtidas matproduksjon i eit grønt perspektiv.

    Helga opnar med eit viktig overblikk: Fredag 15. drar Oikos i gong seminaret ”Eit nyskapande landbruk”. Hit kjem blant anna Aksel Nærstad frå Utviklingsfondet.

    Kom til Sogn Jord og Hagebruksskule og møt folka, lærdommen, engasjementet og maten du berre finn i Aurland!

    Påmelding og informasjon her: paamelding.sjh@sfj.no, tlf 57 63 26 50 og www.sjh.no

    Annonsører

    Samarbeidspartnere