#Inspirasjonsbonde: Må lage dronningar sjølv

Berge Borge har drevet økologisk birøkt sidan 2007. – Det var enkelt å legge om, seier han i dette intervjuet. – I tillegg gir det godt samvit at ein ikkje utsetter biene for unødig eksponering av sprøytemiddel og raffinert sukker. Men økologisk godkjente dronningar må han lage sjølv.

Birøkt i Noreg har gode mogelegheiter til enkelt å leggje om til økologisk. #Inspirasjonsbonde i prosjektet Landbrukets ØKOLØFT, Berge Borge frå Bergen, har drevet med økologisk birøkt i snart 10 år.

Overtydd
Det er forholdsvis lett å finne trekkområder som er egna. I tillegg er me overtydd om at det mest bærekraftige er øko-drift, fortel Borge til oikos.no i dette intervjuet.

– Kva var bakgrunnen for at de la om til økologisk drift?
Vi har heilt sidan 2000-talet vore opptekne av økologisk mat, og då var det naturleg når honningproduksjonen vår kom skikkeleg i gong, at me gjorde det som skulle til for at honningen skulle bli godkjent av Debio. Me starta med bier i 1999 og la om til økologisk i 2007.

Tre typar honning
– Kan du fortelle litt om kva de produserer?
Me har i hovudsak 3 typar honning; finkrystallisert og flytande sommarhonning. På seinsommaren flyttar me biene til lyngtrekk ved kysten og får lynghonning. Som produsent på Bondens marknad har me også sal av sveler på marknaden. Desse er også Debiogodkjente – kan hende Norges einaste?

Ingen sel økodronningar
– Noen utfordringar som økologisk drift byr på?
Økologisk birøkt har utfordringar med å få tak i nye dronningar. Dronningar må skiftas ut om lag tredje kvart år, og det er for tida ingen som sel dronningar i Hordaland som er økologisk godkjente. Det betyr at me må laga nye dronningar sjølv. Elles kan kubane berre stå på dei same trekkplassane år etter år.

Karens og prisar
Skal me oppretta nye trekkplassar, blir det karenstid før honningen frå denne plassen kan seljast som økologisk, dersom området har vært kunstig gjødsla eller sprøyta dei siste tre åra.
Elles er det mest økonomiske utfordringar me møter. Dyrt økologisk sukker og avgifter til Debio gjer at me må selja honningen relativt dyrt. Det kan av og til vera vanskelig å få den prisen me bør ha.

Beste samvit
– Er det noe særskilt ved økologisk birøkt som du tenker at ein konvensjonell birøktar og ville hatt god nytte av?
Du kan ha den beste samvitet for at du ikkje har utsett biene for unødvendig eksponering for sprøytemidlar og raffinert sukker.

Varer i vinden
No merkar me at økologiske varer er i vinden og det kan være gode mogelegheiter for å få opp kiloprisen og dermed kanskje få tilgang til nye kundegrupper.
Men det er viktig at ein er overtydd om den økologiske tankegangen, utan den vil du aldri få dette til, konkluderer økobirøktar og #Inspirasjonsbonde Berge Borge frå Bergen.

#Inspirasjonsbonde Berge Borge sin hjemmeside og nettbutikk

Følg Borges bedrift på Facebook


I en serie portrettintervjuer vil vi framover presentere alle #Inspirasjonsbøndene i prosjektet Landbrukets ØKOLØFT

Tekst: Marte Guttulsrød/Marit G. Wright
Foto: Berge Borge

Annonsører

Samarbeidspartnere