#Inspirasjonsbonde: - Økofrukt er framtida

    – Det vart ikkje anbefalt å leggje om då eg gjorde det, men eg hadde bestemt meg, seier fruktbonde Annhild Oma i dette intervjuet. Ho la om til økologisk dyrking av omsyn til barna som leika i frukthagen.


    – Kva for ein eplesort ein vel ved nyplanting, er særs viktig for økologisk dyrking av frukt, seier fruktdyrkar og #Inspirasjonsbonde i prosjektet Landbrukets ØKOLØFT, Annhild Oma frå Hardanger.
    – Det kan jo vere noko å tenke på for konvensjonelle fruktdyrkarar og.

    Omsyn til barna
    – Kva var bakgrunnen for at de la om til økologisk drift?
    Eg la frukta om til økologisk drift fordi eg har 4 barn. Dei var ute å leika i frukthagen daglig, bygde trehytter og leika. Det synes eg var utrivelig når me nett hadde sprøyta med kjemikaliar.
    Det vart ikkje anbefalt då, men eg hadde bestemt meg. Det har eg vore veldig glad for sidan!

    Lager eigen most
    – Kan du fortelle litt om kva de produserer?
    På garden dyrkar eg økologiske eple og plommer, til sommaren er det 70 da til samen med frukt. Vi har og mjølkeproduksjon, men den er konvensjonell.
    Ein stor del av epla lager eg eplemost av og sel som "Omaeple eplemost". Eg har eit lite presseri, og planen er å utvide det litt og effektivisere produksjonen. Eg har fått støtte til det av Innovasjon Norge, og det er eg veldig takksam for. Plommene selger eg til konsumfrukt.

    Viktig sortsval
    – Nokre utfordringer som økologisk drift byr på?
    Utfordringer som me økologiske fruktdyrkarar har, er at det ikkje er så lett å holde alle sorter perfekt 1. klasses. Det er derfor det er så viktig kva eplesort ein vel ved nyplanting. Det kan vere noko å tenke på for konvensjonelle dyrkarar og.
    Marknaden aukar etter kvert som folk blir meir bevisste på kva dei får i seg. Til dømes toler dei fleste som er allergiske for eple, økologiske eple.

    #Inspirasjonsbonde Annhild Oma økologisk frukt HardangerSamarbeid
    – Noko ved økologisk drift som du tenker at konvensjonelle bønder ville hatt god nytte av?
    I sist veke var eg på "hospitering " hos ein økologisk fruktdyrkar i Austerrike. Der fekk de 100 % meir for økologisk frukt enn for konvensjonell, og der auka både etterspørselen og bønder som la om til økologisk dyrking raskt. Dei økologiske fruktdyrkarane hadde tett samarbeid om lagring, pakking og sal. Dei møttes kvar veke, og dei aller fleste hadde solcellepaneler på taka.

    Øko er framtida
    Det vert strengare og strengare for kvert år kva middel som er lov å bruke, og eg trur at om 10 - 20 år er alle fruktbønder så godt som økologiske.
    Det er det som er framtida, meiner #Inspirasjonsbonde Annhild Oma frå Hardanger.

    Annhild si heimeside finn du HER


    I en serie portrettintervjuer vil vi framover presentere alle #Inspirasjonsbøndene i prosjektet Landbrukets ØKOLØFT


    Tekst: Marte Guttulsrud/Marit Grinaker Wright
    Foto: Annhild Oma og Andreas Winter

    Annonsører

    Samarbeidspartnere