Ingen lag i ditt fylke?

Har du ein sak eller fleire du brenn for innan økologisk mat og landbruk, og vil gjere noko med i ditt nærmiljø, er du hjarteleg velkomen til å starte opp fylkeslag der du bur saman med andre interesserte.

Er du oppteken av rein mat? Av matglede og sunn mat? Kunne du tenkt deg å treffa andre som meiner noko om berekraftig landbruk og miljø? Saknar du nokon å diskutere norsk landbrukspolitikk med? Eller dyrkingsteknikkar og husdyrgjødsel? Oikos - Økologisk Norge er organisasjonen for alle med interesse for ei økologisk samfunnsutvikling, og me er opptekne av at denne utviklinga skjer i heile landet. Difor er Oikos organisert med region -og fylkeslag og lokallag.

Ta kontakt med organisasjonsrådgivar Elin Rømo Grande viss du har lyst til å starte eit Oikos-lag, eller berre er nysgjerrig:

Tel: 24124108

Epost: elin@oikos.no

Annonsører

Samarbeidspartnere