Oikos Rogaland

Bur du i Rogaland og har lyst å treffe andre som er brennande opptekne av matglede og landbruk? Då er Oikos Rogaland for deg!

Oikos Rogaland er eit aktivt fylkeslag som samlast jamleg og planlegg ulike arrangement og "happenings" om økologisk mat og landbruk. Vi innbyr til uformelle «ø-kveldar», både på Jæren og i Haugalandet, der forbrukarar og øko-produsentar kan møtest og bli kjende. Vi deltek på marknader, «open øko-gard» og anna så langt vi har høve. Høgdepunkt i 2017 er Økouka i Rogaland som vi arrangerer for 3. gong på rad.

Her finn du laget si årsmelding for 2016 og handlingsplan for 2017 samt referat frå årsmøtet i januar 2017.

Vil du vite meir om kva som skjer i Oikos Rogaland og i øko-miljøet i regionen eller har du lyst å engasjere deg? Sjekk ut denne brosjyren, facebook Økologisk Rogaland eller ta kontakt.

Bjarne Kvist Hansen, leiar

Tlf: 97 00 37 49

E-post: bk-hans@online.no

Annonsører

Samarbeidspartnere