Hopp til innhold
Andelslandbruk

Nytt liv og ny kunnskap til gardane

Mat er tolmod.  Mykje kan gå gale. Avlingane kan tørka bort, regna bort, eller verta etne opp. Viktig lærdom.  Respekt for mat.  Respekt for bonden sitt daglege arbeid. Unikt samarbeid.

Då eg var ung på -70 talet, hadde far min og dei to naboane våre på Hadland ein taus avtale om å hjelpa kvarandre i onnene.  Lukta av maursyre, diesel og ferskt gras, drøsen til dei vaksne, kaffilukta, sit att. 

No, 40 år seinare, står dei to nabogardane tomme.  Det einaste eg ser til aktivitet på gardane er dyr og lort opp om våren, og dyr og for heim om hausten.  Drøsen har stilna, samarbeid og fellesskap er borte.

Kunne denne usannsynlege, romantiserte idyllen frå -70 talet gjenskapast?  Eg byrja lytta til professor Dag Jørund Lønning.  Han snakka om menneske og mold, regenerativt landbruk, karbonbinding, det fantastiske universet under føtene våre.  Det uoppdaga mangfaldet, alle mikroorganismane og bakteriane som samarbeider.  Med entusiasme, innleving, overtyding, og svært tydeleg til professor å vera.  Jordlivet! Jordboka! Om framtidslandbruket som er lokalt forankra med menneske i sentrum.   Kanskje andelslandbruk var løysinga på Hadland?

For ein rikdom å tilføra garden.

Eit halvt års planlegging ligg bak.  Etter fire veker med lemming, fire kilo lettare til tross for to frukostar, to lunsjar, middag og kveldsmat, samt nattmat, var eg klar for første dugnad.  Eg var trøytt, men spent.  Eit 10-tals bilar rulla inn på den nyetablerte parkeringsplassen.  Ungar og vaksne, ein hund, sekker, termosar, hanskar og kjeledressar ramla ut av bilane.  Lærarar, ei jordmor, sjukepleiarar, ein kultursjef, alle til felles at dei vil dyrka sine eigne grønsaker i eit sosialt fellesskap. Eg har fått min del av dei 8000 nye jordbrukarane  til gards.  Folk som vil læra å fø seg sjølve.  Folk som vil jobba på lag med naturen.  Folk som vil læra om jordnært landbruk.   Folk som får bonden til å føla seg anerkjend og respektert!

For ein rikdom å tilføra garden.  Alle dei ulike kunnskapane frå ulike yrkesgrupper som kan sjå garden med nye briller, koma med innspel, koma med tankar og idear om korleis me i fellesskap skal få gode resultat, som ikkje er fastlåst i tankar om volum, konsesjonsgrenser, monokultur, økonomi eller produksjonstilskot.  

Bonderomantikken frå -70 talet lever!  Eg såg ein far som plukka stein frå det som skal bli ein skogshage.  Dei to smågutane hans leika med makkar som dei fann i molda, snart hadde dei ein heil familie.  Eg snakka med folk som aldri hadde plukka stein før.  Ei dame spurde meg kva me skulle ha i skogshagen.  «Storhassel, blant anna» sa eg.  «Hm, treng ikkje dei veldig lang tid før det kjem nøtter» undra ho.  «Huff» tenkte eg «Vil ho halda ut så lenge?».  «Ja, for då får me følgja med frå år til år korleis det går» sa ho.

Mat er tolmod.  Mykje kan gå gale.  Avlingane kan tørka bort, regna bort, eller verta etne opp av insekt og makk.  Viktig lærdom.  Respekt for mat.  Respekt for bonden sitt daglege arbeid.

Born som fekk kjenne at dei gjorde ekte arbeid

Eg såg eit unikt samarbeid; folk bytta på å plukka stein og prikla kålplanter.  Folk baud på kake, delte ut med moldete hender til helsepersonell der handhygiene står høgt på dagsorden.  Eg fekk kaffi, både ein og to koppar.  Vaksne lærte born å bora hol i vedkubbar som skal bli til insekts hotell.  Fedre som bar tunge steinar som skal markera ein krydderhage.  Kappast litt om kven som kunne bera tyngst, slik det alltid har vore. Born som hadde ei kjensle av at dei for første gong gjorde eit ekte arbeid.  Ein 10-åring som laga froskedam, som ikkje hadde tid til å følgja med mor heim, då ho var ferdig for dagen, som sat på med siste bilen som skulle heim; «Når er neste gong me ska her».  Dette skjer på Jæren.  Berre nokre steinkast frå midt i matfatet. 

Professor Dag Jørund si sterke stemme om mold og menneske, har sett i gang ei rørsle i bondestanden.  Han har fått i gang ein av dei viktigaste diskusjonane sidan me byrja dyrka mat.  Hans tydelege, godt poengterte og lettfattelege framstillingar om jordlivet, og måten me masseproduser mat på, gjer at mange tydeleg ser at tampen brenn for å berga matjorda vår.  Dette har mange av dei 8000 andelsbrukarane, dei nye jordbrukarane i Noreg forstått.  Fleire kjem til, og så lenge bøndene tek godt i mot dei, er dei komne for å bli!

Torvald Hadland, mangesyslar 

Innlegget har nyleg stått på trykk i
Bondevennen under tittelen Andelsbrukararne tilfører nytt liv og ny kunnskap til gardane.

 

 

Tilbake til toppen