Hopp til innhold

Fag- og inspirasjonssamling for økologisk landbruk

Fag- og inspirasjonssamlinga er ein møtestad for bønder med eller utan økologisk produksjon, tilsette i kommunane, rådgjeving og andre interesserte i økologisk landbruk.
Lørdagen holder Oikos Rogaland sitt Årsmøte 2018.

Informasjon

  • Dato: 02. feb. 2018 - 03. feb. 2018
  • Sted: Sjøberg Ferie, Hanasandveien 782, Østhusvik, 4150 Rennesøy
  • Se kart
  • Arrangør: Samarbeid mellom Fylkesmannen i Rogaland, Oikos Rogaland og NLR Rogaland.

Fagprogrammet er finansiert gjennom Fylkesmannen sine utgreiings– og tilretteleggingsmidlar. Kost og losji dekkast av deltakarane.

Sjøberg Ferie ligg på idylliske Østhusvik på Rennesøy med panoramautsikt til fjorden. Vi har avtalt ein meny som tek utgangspunkt i lokale økologiske råvarer.

Fredag 2.februar

12.00   Lunsj
13.00   Velkomst
13.10   Gardsprodukt og direkte sal - kva kan Kompetansenavet bidra med?                   
            Aase Vorre Skuland, Kompetansenavet Sør.
13.45   Ombygging av sauehus. Georg Smedsland, NLR Agder. Georg driver med 
            økologisk saueproduksjon sjølv og skal bygge om sauehuset.
14.30   Beinstrekk
14.40   Sikori i beite til sau. Georg Smedsland, NLR Agder.
15.10   Livet i jorda - kva finn vi under lupa? Therese Mæland, sivilagronom. Therese jobbar 
            med feltforsøk ved NIBIO Særheim. 
15.50   Kaffipause
16.05   Teori og teknikk frå kunnskapen om jordfruktbarheit og bruken i 
            grønsaksdyrkinga. Bjarne Kvist Hansen, agronom og småbrukar.
16.45   Birøkt for nygbegynnarar og moglegheiter innan økologisk birøkt. Morten Svanes,
         birøktar. 
17.15   Pause og myldring 
18.00   Er økologisk og biodynamisk framstilt mat meir vital? Biokrystallisering som metode for 
            kvalitetsforsking. Inspirasjonsføredrag ved Jens-Otto Andersen, 
            dansk agronom og forfattar. 
19.00   3-retters-middag av økologiske råvarer. Oikos Rogaland står for kreativ underhaldning.

Inspirasjonsføredrag med Jens-Otto Andersen og middag kan bestillast uavhengig av om du deltar på fagsamlinga.

Laurdag 3.februar

08.45   Dei gode bakteriane: Bokashi til heimebruk. Bjarne Kvist Hansen. 
09.20   Vi fyller kaffikoppane
09.30   Vitalitet frå mold til mage. Paradigmeskifte i landbruket. Jens-Otto Andersen, 
            dansk agronom, forfattar og medstiftar av den internasjonale forskarsamanslutning 
            «Food Health og Quality».
10.40   Kaffipause med noko attåt
11.00   Økologisk jordbærproduksjon i tunnel. Brit Mjåland, gardbrukar på Mjåland gardog
            inspirasjonsbonde i Landbrukets Økoløft.       
11.40   Mjåland Gard—ikkje berre jordbær! Brit fortel om Mandal andelslandbruk med grønsaks- 
            produksjonen på Mjåland og samarbeidet med fleire produsentar (kjøt og honning).
12.10   Dialog og avslutning av programdelen   
12.30   Lunsj basert på økologiske råvarer 

13.30   Årsmøte i Oikos Rogaland. (Alle er velkomne, også dei som ikkje er medlem!)
            Innkalling med egen dagsorden kommer. 
15.30   Vel heim! 

                                                                             Med atterhald om endringar i programmet.

 


Arrangementet er eit samarbeid mellom Fylkesmannen i Rogaland, Oikos Rogaland og NLR Rogaland. Kost og losji blir dekka av deltakarane og betalast på hotellet av kvar enkelt. 
Programmet er finansiert av Fylkesmannen gjennom utgreiings- og tilretteleggingsmidlar.

Kontaktperson

Annabell Pfluger
Tilbake til toppen